Giovanni Pierluigi da Palestrina

Giovanni Pierluigi da Palestrina (fødd 1525 i Palestrina nær Roma, død 2. februar 1594 i Roma) var ein italiensk organist og komponist frå renessansen. Han er den mest kjende av komponistane frå den romerske skulen1500-talet. Palestrina vart særleg kjend for kyrkjemusikken sin.[1] Han hadde enorm innverknad på utvikla av kyrkjemusikken i den romersk-katolske kyrkja, og verka hans har ofte vore sett på som høgdepunktet for polyfoni i renessansen. Det er først i seinare år, med oppdaginga av mykje gløymd eller ukjend musikk frå renessansen at ein har klart å setje Palestrina skikkeleg inn i ein historisk samanheng.[2]

Giovanni Pierluigi da Palestrina

Fødd1525
FødestadPalestrina i Italia
Død2. februar 1594
DødsstadRoma i Italia
OpphavKyrkjestaten
Aktiv1554-1594
SjangerRenessansemusikk, vokalmusikk
Verka somKomponist og organist
Gift medLucrezia Gori, Virginia Dormoli

Biografi endre

Palestrina starta som korgut i 1537 i Santa Maria Maggiore i Roma. I 1544 vart han organist i hovudkyrkja i heimbyen, St Agapito. Han gifta seg med Lucrezia Gori i 1547. Det musikalske førebiletet hans, og truleg og læremeistaren, var franskmannen Nicolas Gombert, den største polyfonikaren i renessansen før Palestrina.

Han var maestro di capella i fleire kyrkjer i Roma, i 1551 i Cappella Giulia, i 1555 i San Giovanni in Laterano (Laterankyrkja), domkyrkja til paven og den fremste katolske kyrkja og det spirituelle senteret for heile den katolske kyrkja. I 1561 vart han maestro di cappella i Santa Maria Maggiore (Den store Mariakyrkja) og til slutt i 1571 i Peterskyrkja.

To barn og den første kona hans døydde i pestepidemiar i Roma i 1578 og 1580. Det andre ekteskapet hans i 1581 var med ei velståande pelshandlarenke, Virginia Dormoli, som gav han økonomisk fridom. Derfor kunne han komponere på heiltid dei siste åra av livet sitt.

Musikken til Palestrina endre

Ved sidan av Orlando di Lasso vert Palestrina rekna som ein av dei største komponistane i renessansen. Han skreiv hovudsakleg religiøs musikk og vert særleg høgt vurdert for messene sine.

Han etterlét seg 104 messer, 68 offertorium, 250 motettar, 45 hymner og salmar, 33 magnificatar (Marias lovsang) og litaniar, 4 eller 5 sett med lamentationes (klagesongar), minst 140 madrigalar og 9 ricercari for orgel.

Ein eigen musikalsk stil er kalla opp etter Palestrina, Palestrinastilen. Det er den jamne polyfonien på 1400-talet som i barokken utvikla seg til fuge. På 1600-talet vart denne stilen kalla prima practica, og han var mønster for mange komponistar, mellom anna Gregorio Allegri.

Påverknad endre

Johann Sebastian Bach studerte og framførte Palestrina sin Missa sine nomine medan han komponerte sin egen Messe i h-moll. Palestrina vert sett på som redningsmannen til kyrkjemusikken etter at han i samband med Tridentinerkonsilet komponerte Missa Papae Marcelli (Pave Marcellus-messa). Konsilet hadde vurdert å forby fleirstemmige messer, men Palestrina overbeviste konsilet om at det ikkje var naudsynt. Han heldt fram resten av livet sitt å komponere med målet om at musikken ikkje skulle overskugge teksten og at teksten skulle vere forståeleg.

Den tyske komponisten Hans Pfitzner har skrive ein opera om Palestrina.

Kjelder endre

  1. Jerome, Roche. Palestrina. New York, NY: Oxford University Press, 1971. 1.
  2. Jerome, Roche. Palestrina. New York, NY: Oxford University Press, 1971. 7.

Bakgrunnsstoff endre

Innspelingar endre