Spellemannprisen 2002

Spellemannprisen 2002 vart delt ut i Oseberg kulturhus i Tønsberg laurdag 22. februar 2003. Röyksopp fekk prisen for Årets spellemann, og prisen «årets musikkvideo» for videoen til songen «Remind Me».

For fyrste gong var det TV 2 som arrangerte og overførte utdelinga. Nytt for dette året var også at arrangementet var utan nokon fast programleiar. I staden bytta ei rekkje av artistane på å sjølv introdusere artistar og prisutdelarar.

Vinnarar

endre
Klasse Artist Tittel
Viser Odd Børretzen & Lars Martin Myhre Kelner!
Rock Madrugada Grit
Metal Satyricon Volcano
Hip-Hop Paperboys No Cure For Life
Popsolist Thomas Dybdahl ...That Great October Sound
Popgruppe Ephemera Balloons and Champagne
Elektronika Salvatore Tempo
Open klasse Sidsel Endresen & Bugge Wesseltoft Out Here. In There
Jazz Come Shine Do Do That Voodoo
Blues Bjørn Berge Illustrated Man
Klassisk musikk Leif Ove Andsnes Schubert; Pianosonate A-Dur D 959
Samtidsmusikk Frode Haltli Looking on Darkness
Folkemusikk/gammaldans Øyonn Groven Myhren & Odd Nordstoga Nivelkinn
Danseorkester Dænsebændet Får Vi Lov?
Barneplate Uhu! (NRK Barn) Uhu! Vol. 2
Årets musikkvideo Röyksopp «Remind Me»
Årets nykomar Gåte Jygri
Årets låt Bjørn Eidsvåg «Mysteriet deg»
Årets spellemann Röyksopp

Kjelder

endre