Thomas Young (fødd 13. juni 1773 i Milverton i Somerset, død 10. mai 1829 i London) var ein engelsk fysikar, lege og hieroglyftydar.

Thomas Young

Fødd13. juni 1773
Milverton
Død10. mai 1829
London
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdefysikk, mekanikk, språkvitskap, materialvitskap
Yrkeastronom, fysikar, antropolog, lege, arkeolog, universitetslærar, fysiolog, entomolog, egyptolog, musikar, lingvist, filosof, botanikar
InstitusjonarRoyal Society
Alma materUniversity of Edinburgh
Emmanuel College
Universitetet i Göttingen
St George's, University of London
Q3152720
EktefelleEliza Maxwell
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
Det franske vitskapsakademiet
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Accademia delle Scienze di Torino

Fysikk endre

 
Mathematical elements of natural philosophy, 2002

Young gav 1802 eit lite bevis for bølgenaturen til ljoset ved å konstruere ei dobbelspalte og undersøkja Interferensen som oppstod. Han avgjorde dei omtrentlege bølgelengdene for det synlege spektrumet til ljoset ved å nytte diffraksjon. I 1817 foreslo han at lysbølgjer var transverselle (forstyrringar vinkelrett mot utbreiinga til bølgja), og kunne på den måten skildre polarisering.

Lege endre

Young var frå byrjinga lege og hadde ein legepraksis i London. Han var først og fremst interessert i medisinsk optikk og det var årsaka til at han òg byrja å studere fysikk.

Hieroglyftydar endre

Young studerte òg språk og gjorde viktige bidrag til tydinga av egyptiske hieroglyfar.

Karriere endre

Young vart i 1801 utnemnd til professor i naturfilosofi ved Royal Institution, men sa frå seg professoratet i 1803 då han innsåg at aktivitetane som professor ikkje lét seg kombiner med legepraksis hans. Han vart medlem (fellow) av Royal Society i 1794, og vart i 1802 utnemnd som utlandssekretær (foreign secretary) for dette selskapet. I 1828 vart han vald inn som utanlandsk medlem av Kungliga Vetenskapsakademien.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Thomas Young