Opna hovudmenyen

Thor Lund (27. mai 192116. juni 1999) var ein norsk politikar frå Oslo. Han representerte Aust-Agder og ArbeidarpartietStortinget frå 1969 til 1981. Lund var ordførar i Moland kommune i periodane 1962-71 og 1983-89.

Thor Lund
Fødd 27. mai 1921
Død 16. juni 1999
Parti Arbeidarpartiet

Lund var brannkonstabel i Oslo frå 1946. I 1951 flytta han til Eydehavn i Aust-Agder, der han var mekanikar på Det norske nitridaktieselskap. Her var han aktiv både i fagforeininga, i partiarbeid og i kommune- og fylkespolitikken. Frå 1956 var han med i Stokken heradsstyre, varaordførar 1960-61. I 1962 vart han fyrste ordføraren i den nyskipa Moland kommune. Lund var då ordførar i Moland i åtte år.

Hausten 1969 vart Lund vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet. Fram til 30. mars 1971 var han med i Protokollkomiteen, deretter sat han i Sosialkomiteen frå 1971 til han forlet Stortinget i 1981. På Tinget var han særleg engasjert i sosialpolitikk, arbeidstakar-rettar, økonomi og rettferdig fordeling. Han var medlem av Nordisk råd i åtte år frå 1973 og var ein pådrivar for vidare politisering av det nordiske samarbeidet.

Frå 1983 til -89 var Lund atter ordførar i Moland. I denne perioden spelte han ei viktig rolle i å utvikle regionsamarbeidet i Aust-Agder. Han var medlem av formannskapet til 1991, det siste året for Moland kommune, før den i 1992 vart slått saman med Arendal kommune.

Lund var frå 1979 med i hovudstyret for Noregs vassdrags- og elektrisitetsvesen.

KjelderEndra