Tide (OSE: TIDE) er eit norsk transportverksemd som vart etablert 3. november 2006 som ei følgje av fusjonen mellom HSD og Gaia Trafikk. Verksemda har hovudkontor i Bergen. Tide hadde i 2006 1040 bussar, 30 ferjer og 10 båtar og verksemda var prisa til om lag 800 millionar kroner. Verksemda fraktar årleg rundt 39 millionar reisande. 25 millionar av desse i Bergen. Det er 3000 tilsette og ei omsetning på om lag 2,1 milliardar kroner.

Tide

Org.formAksjeselskap
Org.nr.912423921
BransjeKollektivtransport, transport, sjøfart
Skipa3. november 2006
Forgjengar(ar)Gaia Trafikk, Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
DotterselskapTide Buss, Tide Bus Danmark, Tide Reiser
HovudkontorBergen
LandNoreg
Nettstadhttp://www.tide.no
Trolleybuss i Bergen med Tide-logoen i front.
Foto: Alasdair McLellan
M/F «Tidesund» ved dåpen 21. juni 2008.
Foto: Gunnar Buvik

Bjørn Ove Børnes er konsernsjef.

Dotterselskap

endre

Tide hadde i 2007 fire heileigde dotterselskap:

  • Tide Buss AS (Tidlegare HSD Buss og Gaia Buss) som står for det meste av busskjøringa i Hordaland. Tide Buss AS eig 100 % av Tide Verksted AS som er eitt av dei største tungbil verkstadene i Noreg . Tide Buss eig også 100 % av Tide Buss Haugesund AS (Tidlegare Haugaland Buss som HSD og Gaia eide 50% kvar av) som står for busskjøringa i Nord-Rogaland på oppdrag frå Kolumbus
  • Tide Sjø AS (Tidlegare HSD Sjø) som står for trafikk på sjøen med ferjer, hurtigbåtar og lokalbåtar i heile landet, samt Flaggruten mellom Bergen, Stord, Mosterhamn, Haugesund, Kopervik, Bokn og Stavanger. Tide Sjø AS eig 50 % av Nor-Ferjer AS som driv transport på sjøen med ferjer der Tide og Stavangerske i fellesskap har vunne ferjetrafikk på anbod bla. i Trondheimsfjorden og på Sunnmøre
  • Stavangerske AS som driv ferje og hurtigbåttrafikk i Rogaland. Stavangerske AS eig 50 % av Nor-Ferjer AS. Stavangerske AS og Tide Sjø AS blei fusjonerte hausten 2007.
  • Tide Reiser AS (tidlegare Gaia Reiser og tur- og ekspressbussverksemd i HSD Buss) som står for ekspressbuss, flybuss, turbuss og Charterbåtar i Hordaland og Nord-Rogaland.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre