Tidseining

måleining for tid

Tidseeining syner til kor lenge to hendingar varer eller tidslengda mellom dei, og blir nytta til å måle tid. SI-eininga for tid er sekund.

Tidseiningar endre

Sekund endre

Eitt sekund er definert som 9 192 631 770 svingingar av eit foton frå isotopen cesium 133.[1]

Døgn endre

Eit døgn var tidlegare knytt til to påfølgjande nedre kulminasjonar for sola, men er no definert som 24 timar, 1440 minutt eller 86 400 sekund, og er dermed knytt til SI-systemet sjølv om døgnet i seg sjølv ikkje er ei SI-eining.

Sidan døgnet ikkje lengre er knytt til sola, blir det med ujamne mellomrom lagt inn skotsekund for å halde døgnet i takt med gongen til sola over himmelen.

Månad endre

Ein månad er mellom 28 og 31 døgn.

Kvartal endre

Eit kvartal er tre månader.

Tertial endre

Eit tertial er fire månader.

År endre

  • Eit år er den tida jorda nyttar på eitt omløp rundt sola.
  • Anomalistisk år = Jorda si omløpstid om Sola i tilhøve til perihel, 365 døgn 6 timar 13 minutt og 53,01 sekund = 365,2596 døgn.
  • Tropisk år = Sola si omløpstid i tilhøve til vårjamdøgnspunkt = 365 døgn 5 timar 48 minutt og 45 sekund = 365,2421875 middelsol-døgn (epoke J2000.0).
  • Siderisk år (stjerneår) = Sola si omløpstid i tilhøve til stjernene = 365 døgn 6 timar 9 minutt og 9,54 sekund = 365,2564 døgn.

Desennium endre

Eit desennium er 10 år.

Sekel endre

Eit sekel er 100 år.

Millennium endre

Eit millennium er 1000 år.

Kjelder endre

  1. «SI base unit: second (s)» (på engelsk). Bureau international des poids et mesures. Henta 9. juni 2023.