Tidsskriftet Juletræet

Juletræet var eit jolehefte Peter Christen Asbjørnsen gav ut i åra 1850, 1851, 1852 og 1866. Det var også planar om å følgje opp serien med nye utgåver både i 1867 og 1868, men dette vart det aldri noko av. I staden vigde Asbjørnsen seg til å gje ut nye, sjølvstendige samlingar av eventyr og segner.

Peter Christen Asbjørnsen (1812–1885) heime i Rosenborggata 2. Kabinettfoto av Oluf Væring.

I 2008 tok Asbjørnsenselskapet opp att verksemda med Juletræet, som frå no av vart namnet på deira årsskrift.

Asbjørnsenselskapet sitt årsskrift «Juletræet» endre

 
Peter Christen Asbjørnsen utgav i alt fire julehefte som alle selde svært godt. Årsskriftet for 1850 var Noregs første bestseljar, med opplag på 23000 eksemplar. Her i landet bidrog utgåvene sterkt til å introdusere skikken med å ha juletre i heimen.
 
Asbjørnsenselskapet sine bokutgåver frå 2008 til 2020.