Opna hovudmenyen

Hans Johan Frederik Berg (24. desember 181325. september 1874) var ein norsk målar. Han arbeidde mykje som portrettmålar og med akvarellar, men i samtida var han mest kjend som kopist.

Hans Johan Frederik Berg
Fødd 24. desember 1813
Død

25. september 1874

Yrke kunstmålar

H.J.F. Berg var fødd på handelsstaden KopardalLøkta i noverande Dønna kommune, der faren Anders Berg var handelsmann. Mora Susanne Meldal Berhof døydde tidleg, men faren gifte seg oppatt med ei dotter av biskop Krogh.

I 1835 byrja han å utdanne seg til kunstnar, først ved Den Kongelige Tegne- og Kunstskole i Christiania, sidan ved kunstakademiet i København. I 1838 vende han attende til Christiania og etablerte seg som portrettmålar. Av personar han portretterte, var Sofie Amalie Bekkevold som var kona til Henrik Wergeland, fiolinisten Ole Bull, godseigar Isach Coldevin og kona hans. Men etterkvart tok fotografiapparatet vekk grunnlaget for ein leveveg som portrettmålar, og han reiste utanlands for å utvikle seg som kunstnar.

Frå 1850-talet hadde Berg kopiert bilete av dei store meistrane. Han reiste omkring på kjende kunstmuseum og kopierte Rembrandt, Rubens m.fl. Koipane vart stilte ut i Stockholm i 1857 og i Christiania i 1861. I 1863 kom han til London for å lære om akvarellmåling. På 1870-talet måla han ein serie bilete som skildra samiske miljø.

Kjelder:Endra

  • Falahat, Ann 2007: «Hans Johan Frederik Berg. Akvarellist, kopist og orientalist» (s. 9-49). I: Anne Aaserud og Knut Ljøgodt (red.): Fra Nesna til Nilen. Akvareller fra Hans Johan Frederik Bergs reiser. Tromsø: Nordnorsk Kunstmuseum. ISBN 978-82-91834-31-3
  • Falahat, Ann 2008: «Akvarellmaleren Hans Johan Frederik Berg (1813-1874). Fra Nesna til Nilen" (s. 11-15). I: Peter Christen Asbjørnsen: Erindringer fra Egypt 1849 - 1850. Med akvareller av Hans Johan Frederik Berg. Oslo: Juletræet 2008, Asbjørnsenselskapets årsskrift nr. 1. ISBN 978-82-997953-0-2
  • Laumann, Svein: «Akvarellmaleren fra Helgeland Hans Johan Fredrik Berg» i Årbok for Helgeland 1998/99 ISBN 82-7866-007-7
  • Ljøgodt, Knut 2007: «Katalog» (s. 50-88). I: Anne Aaserud og Knut Ljøgodt (red.): Fra Nesna til Nilen. Akvareller fra Hans Johan Frederik Bergs reiser. Tromsø: Nordnorsk Kunstmuseum. ISBN 978-82-91834-31-3