Tim Lobinger (3. september 197216. februar 2023) var ein tysk stavhoppar frå Rheinbach i Nordrhein-Westfalen. Han vann innandørs-EM 1998 og 2002, innandørs-VM 2003, og tok medalje i tre friidretts-EM på rad; sølv i 1998, bronse i 2002 og sølv i 2006.

Tim Lobinger


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 3. september 1972
Rheinbach
Død

16. februar 2023 (50 år)
München

Idrett stavsprang, golf
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Karriere endre

Lobinger presterte personbeste den 24. august 1997, med di han i Köln svinga seg over 6,00 meter, ein prestasjon han gjorde om att i 1999-sesongen. I mellomtida vann han han med 5,80 m innandørs-EM 1998 i Valencia, med eitt færre riv enn landsmannen Michael Stolle, og han vart andremann med 5,81 m i Friidretts-EM 1998 i Budapest, her tapte han gullstriden mot Maksim Tarasov med tre fleire mislukka hopp enn den russiske utøvaren.

I året 2002 vann Lobinger innandørs-EM i Wien ved å gå over 5,75 m i sitt fyrste forsøk,toaren og trearen i tevlinga trong høvesvis to og tre forsøk på same høgda. Under EM i friidrett 2002 i München enda dei same tre utøvarane opp med 5,80 m i sluttprotokollen, Lobinger fekk der bronsen, landsmannen Lars Börgeling sølvmedaljen og svenske Patrik Kristiansson vart nummer fire, Aleksandr Averbukh som representerte Israel vart europameister med 5,85 m.

Lobinger var den einaste som klarte 5,80 m då innandørs-VM 2003 fann stad i Birmingham. Han heldt i 2005 og 2006 fram med å sanke medaljar i innandørs-meisterskap; ein EM-bronse i Madrid i 2005 og VM-bronse i Moskva året etter. Under europameisterskapen 2006 i Göteborg tok Lobinger seg over 5,50 m og 5,65 m i fyrste forsøk, det same gjorde Romain Mesnil frå Frankrike. I kraftig regnver heldt det til sølvmedaljar, gullet gjekk til Averbukh på 5,70 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre