Timorim
Timorim (hebraisk skrift תִּמּוֹרִים, tyder kunstige palmer) er ein landsby sentralt i Israel organisert som ein moshav shitufi og fungerer òg som ein fellesbusetnad for ikkje-medlemmane i samfunnet. Han ligg på Den israelske kystsletta kring ein kilometer sør for Malakhi-krysset, nær byen Kiryat Malakhi og høyrer til Be'er Tuvia regionale kommune. I 2006 hadde han 710 innbyggjarar. Han er kalla opp etter ei utskjering i ei palme i tempelet: 1 Kong. 6:29.[1]
Timorim | |||
תִּמּוֹרִים, תימורים | |||
moshav | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Be'er Tuvia regionale kommune | ||
Koordinatar | 31°42′55.07″N 34°45′36.36″E / 31.7152972°N 34.7601000°E | ||
Folketal | 775 (2015) | ||
Grunnlagd | 1948 (opphavleg plassering)
1954 (noverande plassering) | ||
Tilhøyrsle | HaOved HaTzioni | ||
Timorim 31°42′55″N 34°45′36″E / 31.715297222222°N 34.7601°E | |||
Kart som viser Timorim.
| |||
Wikimedia Commons: Timorim |
Han vart grunnlagd i 1948 av ein Gar'in ungdommar frå Sør-Afrika, Romania og Egypt frå ungdomsrørsla HaNoar Hatzioni som ein kibbutz på Shimronhøgda i Nedre Galilea, i området som no høyrer til fellesbusetnad Timrat. I 1953 vart han omorganisert som ein moshav shitufi, ein av dei første i landet. I 1954 vart busetnaden flytta til den noverande plasseringa på grunn av landmangel ved den opphavlege staden.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Timorim» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.462, ISBN 965-220-186-3 (engelsk)
- ↑ Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 555. ISBN 965-7184-34-7. (he)
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad Arkivert 2008-05-23 ved Wayback Machine. (he)