Tinntråd

(Omdirigert frå Tinntrådbroderi)

Tinntråd er ein metalltråd laga av tinn som blir nytta til tinntrådbroderi. Dette er eit gammalt samisk kunsthandverk. I mange delar av verda nyttar ein tråd av gull, sylv, koppar og bronse for å smykka klede, men tinntråd verker berre å ha blitt nytta til dette føremålet i Norden. Dei eldste funna ein kjenner er frå omlag 1000-talet.

Samisk taske med tinntrådbroderi.

Mellom 1850 og 1900 forsvann tinntrådbroderia nesten totalt fordi den utbreidde læstadianske vekkingsrørsla fordømte slikt utstyr. Tinntrådsløyden blei gjenoppliva på byrjinga av 1900-talet, særleg gjennom Andreas Wilks i Dikanäs.

Tinntråd blir tilverka i to steg, tråddraging følgd av tvinning. I dag er det mogleg å kjøpa ferdig tinntråd. Tråden kan brukast til broderi.

Tråddraging endre

 
Framstilling av tinntrådtilverking frå 1750-talet.

Tinntråd blir tilverka gjennom å dra tjukk tinntråd gjennom såkalla dragskiver av horn med stadig mindre hòl. Den tjukke tinntråden blei tidlegare laga gjennom å støypa tinnstenger i trepinnar der margen var fjerna, men i dag kjøper ein tinn som tjukk tråd med ein diameter på ca. 2 mm. Dragskivene blir leverte med fleire hòl i ulike storleikar, ofte oppimot 60 ulike storleikar. Tråden blir dratt gjennom stadig mindre hòl og blir derved strekt meir og meir til han blir så fin ein ønsker, ofte med diameter i området 0,25-0,5 mm.

Dragskivene blir som oftast laga av hornmateriale fordi dette materialet har ein viss elastisitet. Ein har prøvt å bruka skiver av metall, men dette gjev problem ettersom tråden lettare set seg fast i hola under draginga. Hola i dragskiva blir noko utvida på dei eine sida så dei blir litt koniske.

Tinn er ein ganske mjukt metall, men draginga blir helst utført i eit varmt miljø (25-30°C) for å få så gunstige tilhøve som mogleg fordi tinnet då er meor strekkbart enn ved lågare temperaturar. For eit godt treng ein bruka tinn av høg kvalitet. Ein unngår loddetinn eller tinn med eit visst blyinnhald.

For å gi tråden lengre haldbarheit og gje han meir glans blir det i dag ofte blanda 5-10 % sølv som legering med tinnet.

Tvinning endre

Etter tråddraginga må tråden tvinnast. Dette gjer ein ved å legga tinntråden i ein spiral på ein innertråd ved hjelp av ein øyenstikker. Tidligere brukte ein sener som innertråd, men i dag kan ein også bruka tjukk sytråd. Til slutt skal tinntråden dekka heile den indre tråden.

Innertråden bør ha omtrent same diameter som tinntråden, elles fell han lett av.

Tinntrådbroderi endre

Ved brodering med tinntråd blir tråden sydd fast på underlaget med tynn sytråd eller nylontråd. Stinga må leggjast ganske tett og sytråden må strammast så hardt at han legg seg mellom spiralane i den spunne tinntråden og blir skjult.

Tinntrådbroderi blir brukt som dekorasjon på tradisjonelle klede og utstyr. Tinntråd kan også brukast i rein kunstnarisk samanheng. Rose-Marie Huuva, som er spesialist på tinntrådarbeid, har til dømes utforma store applikasjonar av klede med framtredande tinntrådinnslag.

Kjelder endre