Tiransundet (arabisk مضيق تيران, Maḍīq Tīrān) er dei smale sunda mellom Sinaihalvøya og Den arabiske halvøya i innlaupet til Akababukta frå Raudehavet. Avstanden mellom dei to halvøyane er kring 13 km. Tiransundet er kalla opp etter Tiran som ligg i innløpet 5-6 km frå Sinai, der Multinational Force and Observers har ein observasjonspost for å overvake at Egypt opprettheld trygg sjøfart i sunda slik det vart avtalt i den israelsk-egyptiske fredsavtalen.

Tiransundet
sund
Land  Saudi-Arabia,  Egypt
Del av Akababukta
Koordinatar 28°00′14″N 34°27′55″E / 28.00389°N 34.46528°E / 28.00389; 34.46528
Kart
Tiransundet
28°00′14″N 34°27′55″E / 28.003888888889°N 34.465277777778°E / 28.003888888889; 34.465277777778
Wikimedia Commons: Straits of Tiran

Sanafir ligg aust for Tiran, søraust for det grunne sundet mellom Tiran og Saudi-Arabia, ei øy som høyrer til Saudi-Arabia, men som blir administrert av Egypt.

Sjøvegen inn til den einaste hamnebyen i Jordan, Aqaba og den einaste hamnebyen til Israel ved Raudehavet, Eilat, går gjennom Tiransunda.[1][2] 90 % av den israelske olja passerte gjennom Tiransunda.[3] Tiransundet er derfor strategisk viktig for sjøfarten i både Egypt, Jordan, Israel og Saudi-Arabia. Den utløysande faktoren for seksdagarskrigen i 1967 var at Egypt sperra Tiransundet for israelske skip på veg til eller frå Eilat.

Eit prosjekt for å byggje ei 15 km lang bru over sundet mellom Egypt og Saudi-Arabia er under vurdering av dei egyptiske styresmaktene.[4]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Robert Priewasser, Tiran Island and Straits of Tiran. Unexplained Sovereignty over an Island in the Context of the Arab-Israeli Conflict (Saarbrücken: Akademikerverlag, 2013)
  2. Oren, Michael B. (2002). Six Days of War: June 1967 and the Making of the Modern Middle East. Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-515174-7. 
  3. Shlaim, Avi; Louis, William Roger (13. februar 2012). The 1967 Arab-Israeli War: Origins and Consequences. Cambridge University Press. s. 224. ISBN 978-1-107-00236-4. «90 % of Israeli oil was imported through the Straits of Tiran» 
  4. Najla Moussa. «Bridge connecting Egypt, Saudi-Arabia considered» Arkivert 2007-03-12 ved Wayback Machine.. Daily News Egypt. 2. mars 2006.

Bakgrunnsstoff

endre