Titan teaterskole

TITAN Teaterskole (Det Internajonale Teater Akademi Norge) var ein dramaskule som heldt til på Lilleborg i Oslo. Skulen vart starta i 2004 av Jim Hart. TITAN var den fyrste skulen som tilbaud teaterutdanning som kombinerte kunst og entreprenørskap, og ein av få skular i Noreg som tilbaud profesjonell skodespelarutdanning godkjent av staten. Han blei avvikla i 2014.

Titan teaterskole
Grunnlagd2004
Nedlagd2014
KommuneOslo

Studentane fekk opplæring i skodespelarkunst, leiing, skriving og produksjon. Skulen hadde eit internasjonalt fokus og undervisinga gjekk føre seg på engelsk og norsk.

Grunnleggjar og rektor på TITAN, Jim Hart, bygde utdanninga for å fylla det han såg på som eit hòl i både europeisk og amerikansk teatertrening. Ifylgje Hart har «utdanningane ved dei kunstfaglege utdanningsinstitusjonane med få unntak eit reint fokus på det kunstfaglege og lite eller inga undervising i kunnskapar om det å driva eit føretak. Konsekvensen vert at mange kunstnarar veit korleis dei skal laga kunst, men har vantar naudsynt kunnskap om korleis dei skal leva av kunsten. Dette fører til myter som ’den sveltande kunstnaren’ og ’skodespelarar er eigentleg servitørar’. Kunstnarar ynskjer å leva av kunsten sin og bør få opplæring i korleis.»

Alle lærarane ved TITAN Teaterskole var profesjonelle kunstnarar som var utøvande innan faget sitt.

TITAN Teaterskole var eit to års fulltidsstudium og var godkjent av NOKUT og Statens lånekasse for utdanning. Skulen bygde på filosofien bak The Hart Technique.