Tjängvidesteinen

Tjängvidesteinen (G 110) er det moderne namnet på ein avbroten biletstein med runeinnskrifter som vart funnen i 1844 i ein kjellarmur på Tjängvide gård i Alskogs sokn på den svenske øya Gotland i Austersjøen. Steinen er ein av mange forhistoriske biletsteiner som er funne i bygningar på Gotland, eller som framleis står synlege i terrenget, og er tidfest til perioden mellom åra 700 og 900 e.Kr. Han er no på Statens historiska museum i Stockholm.

Tjängvidesteinen (G 110)

Biletsteinen er ei 170 cm høg og 30 cm tjukk helle av kalkstein, med største breidda 120 cm. Den eine sida av hella er dekka av bilete framstilt i lågt relieff, og har rester av to runeinnskrifter. Baksida av hella har korkje bilete eller runer. Motiva er å rekne som førkristne, og har vore gjeve ulike tolkingar. Ei framstilling av ein ryttar på ein hest med åtte bein i det øvste av dei to biletfelta på steinen vert vanlegvis tolka som guden Odin på sin hest Sleipner[1]. Han vert motteke av ei kvinne som strekk fram to gjenstandar mot han. Gjenstandane vert gjerne tolka som eit drykkjehorn fylt med velkomstmjød og ein nøkkel, men kan vere noko anna. Denne hendinga skjer på eit område der det går føre seg ymse handlingar som truleg har vore skildra i mytologien. I biletfeltet under, skild frå dette øvre feltet med ein flettverksbord, er det framstilt eit stort vikingskip under segl.

Dei to runeinnskriftene er skrivne med kortkvistruner. Den eine innskrifta finst til venstre i det øvre biletfeltet, og her er det berre runerekkja fuÞorkhn som er lesbar. Den andre runeinnskrifta finst til høgre i det nedre feltet, og er mykje skada. Det som kan lesast er tolka slik i moderne svensk omsetjing: [...] reste stenen efter (till minne av) of Hjörulf/Jorulf, sin bror [...].

Fotnotar endre

  1. Ein mykje lik framstilling av Odin på Sleipner, men i eit anna miljø, er òg å sjå på ein biletsteinen frå Gotland som vert kalla Ardresteinen.

Litteratur endre

  • Nylén, Erik & Jan Peder Lamm.1987, Bildstenar (om dei gotlandske biletsteinane), Gidlunds. ISBN 91-7844-087-4