Sleipne

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sleipner (fleirtyding).

Sleipne (Sleipner; norrønt Sleipnir) er i den norrøne mytologien hesten til Odin. Sleipne er ein svart hingst med åtte bein, og er den snøggaste hesten i verda.

Odin rir inn i Valhall på hesten sin, Sleipne

Det er berre Odin som kan ri Sleipne. Hesten spring like godt over vatn som på landjorda og i lufta. Sleipne skal kunna springa over gjerdet til dødsriket Hel, ingen andre hestar kan gjera dette.

Sleipne er barn av hingsten Svadilfare og Loke då Loke skapte seg om til ei hoppe. Ifylgje Gylfaginning skapa Loke seg om til ei hoppe for å lokka den store hingsten Svadilfare vekk frå arbeidet med å byggja muren kring Åsgard, slik at æsene vann veddemålet om kor fort det kunne gjerast.

Hesten Grane skal stamma frå Sleipne.

Kalla opp etter SleipneEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Sleipne