Tjørvåg

Tjørvåg er ein tettstad i Herøy kommune på Sunnmøre. Tettstaden ligg på Gurskøy og har 389 innbyggjarar. Lenge var det ein stor selfangar-flåte som hadde Tjørvåg som heimehamn. Til saman var det 17 ishavsskuter som var heimehøyrande i Tjørvåg i tida 1905 til 1970. I dag har bygda ei verksemd som foredlar selprodukt. Tidlegare var Smedvik mek. verkstad bygda si hjørnesteinsbedrift.

Tjørvåg
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Herøy
Areal 0,37 km²
Folketal 357 (2017)
Folketettleik 965 / km²
Postnummer 6070 TJØRVÅG
Preposisjon I Tjørvåg
Kart
Tjørvåg
62°17′2″ N 5°43′45″ E
Wikimedia Commons: Tjørvåg

KulturEndra

Herøyspelet Kongens Ring vert framført fyrste helga i juli på Herøy amfi som ligg på øya Herøy i Tjørvåg krins. Det tek utgangspunkt i kong Olav Haraldson si vitjing på Herøy i 1027.

UndervisingEndra

Tjørvåg skule vart opna i 1949. I Stokksund i Tjørvåg ligg Stokksund skule. Skulen vart oppretta i 1974 som Indre Herøy ungdomsskule. Barneskulen vart oppretta i 1999. Fyrst som barneskule for Tjørvåg krins. Seinare også for Myrvåg krins. Skulen har 167 elevar skuleåret 2014-2015. 73 elevar på ungdomstrinnet og 94 elevar på barnetrinnet.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra