Toby McKeehan

amerikansk songar

Toby McKeehan (fødd 22. oktober 1964 i Fairfax i Virginia), også kjend under artistnamnet TobyMac, er ein USA-amerikansk rappar, songar, låtskrivar og musikkprodusent. Han vart fyrst kjend som ein av medlemmene i trioen Dc Talk, men har seinare starta solokarriere. Toby McKeehan er busett i Franklin i Tennessee saman med kona Amanda frå Jamaica. Dei har fem born saman.

Toby McKeehan

Fødd22. oktober 1964 (59 år)
FødestadFairfax
AliasToby
OpphavUSA
Aktiv1987–
Sjangerkristen-hiphop
Instrumentvokal
PlateselskapForeFront Records
Verka somsongar-låtskrivar, musikkprodusent, rappar

Karriere endre

Dc Talk endre

Då Toby McKeehan studerte ved Liberty University i Lynchburg, Virginia danna han det prisløna kristne bandet Dc Talk saman med Michael Tait i 1987. Kort tid seinare fekk dei med seg klassekameraten Kevin Max Smith, og trioen var eit faktum. Dc Talk heldt på som trio frå 1988 til 2001 og gav ut fem studioalbum i denne tida. I 2001 kunngjorde gruppa at dei ville ta ein pause for å starta tre individuelle soloprosjekt, men ettersom åra gjekk, vart det klart at gruppa ikkje ville koma saman att.

Momentum endre

Toby McKeehan starta no eit soloprosjekt under artistnamnet TobyMac. Den fyrste plata han gav ut som soloartist var Momentum (2001), ei plate som blanda hip-hop, rap og rock. Ein av dei største hitsa frå plata var den litt latino-inspirerte «Irene». Songane som vart gjevne ut som singlar frå plata var «Get This Party Started», «What's Going Down», «Yours» og «Extreme Days». I 2002 gav McKeehan ut jolesingelen This Christmas med to låtar på. Han gav også ut ein remix av Momentum i 2003 under tittelen Re:Mix Momentum.

Welcome to Diverse City endre

Neste studioplate kom i oktober 2004 og fekk tittelen Welcome to Diverse City. Tittelen har ein antirasistisk bodskap av di han gjer bruk av eit ordspel mellom Diverse City - den fiktive byen på plata og Diversity - mangfald. Fleire artistar er med på plata, og på det siste sporet på plata har TobyMac teke med Michael Tait og Kevin Max Smith frå dc Talk. Plata resulterte i ein Dove Award til McKeehan, og songane «Gone», «Burn for You», «Diverse City», «Catchafire (Whoopsidaisy)» og «The Slam» vart gjevne ut som singlar. «The Slam» har m.a. vorte brukt i fleire amerikanske filmreklamar, samt i wrestling-show.

McKeehan gav også ut ein remix av denne plata under tittelen Renovating->Diverse City i 2005. Den remixa versjonen av «Burn for You» vart også utgjeven som singel same året.

 
TobyMac på scenen i 2005.

Portable Sounds endre

TobyMac-albumet Portable Sounds kom ut i 2007 og resulterte i singlane «Lose My Soul», «Made to Love», «Boomin'», «I'm for You» og «One World». Albumet vart nominert til ein Grammy, men vann ikkje. Omtrent samtidig skreiv McKeehan songen «New World» for soundtracket til Narnia-filmen Løven, heksa og klesskapet.

Alive and Transported endre

I 2008 gav han ut live-albumet Alive and Transported ein CD og DVD i eitt. Albumet inneheldt songar frå alle dei tidlegare TobyMac-albuma samt nyinnspelingar av gamle dc Talk-songar. Denne plata gav Toby McKeehan sin fyrste Grammy som soloartist. Han vann prisen i kategorien for årets beste rock eller rap gospel-plate. Plata gav han også ein Dove Award.

Tonight og seinare prosjekt endre

TobyMac sitt så langt siste ordinære studioalbum heiter Tonight og kom i februar 2010. Frå denne plata vart songane «City on Our Knees», «Tonight», «Changed Forever», «Hold On» og «Get Back Up» gjevne ut som singlar. Inntektene frå den fyrste salsveka av singelen «Get Back Up» vart gjevne til hjelp for ofra etter jordskjelvet i Haiti 12. januar 2010.

I 2011 gav TobyMac ut eit fullt jolealbum som heitte Christmas in Diverse City. Her henta han inn m.a. Leigh Nash frå Sixpence None the Richer, Owl City samt fleire andre artistar. Songen «Christmas This Year» med Leigh Nash vart utgjeven som singel.

I mars 2012 gav McKeehan ut eit nytt remix-album: Dubbed and Freq'd: A Remix Project. Denne plata inneheld remixar av songane frå Tonight og Portable Sounds. TobyMac vil snart gje ut eit femte studioalbum under tittelen Eye On It. [1] Den fyrste singelen frå plata, «Me Without You» vart gjeven ut i USA den 12. juni dette året.

Diskografi endre

Kjelder endre

Fotnotar