Toini Pöysti, fødd Mikkola, (fødd 1. juli 1933) er ein finsk langrennar frå Ahlainen. Ho vann to OL-bronsar og eitt VM-sølv, alle saman i 3 x 5 km stafett.

Aktiv endre

Toini Mikkola sigra i 1954 det fyrste langrennet for kvinner i Holmenkollrenna. Som Toini Pöysti gjekk ho ved Ski-VM 1958 i Lahti inn til sjuandeplass i den individuelle tevlinga, før ho og landskvinnene Pirkko Korkee og Siiri Rantanen vann sølvmedaljar i 3 x 5 km stafett. Seinare i 1958-sesongen vart Pöysti nummer tre i Holmenkollrennet, klart slått av sovjetiske utøvarane Radja Jerosjina og Ljubov Kozyreva. Vinteren etter sigra Pöysti på 10 km ved Svenska skidspelen i Falun, medan ho i Lahti-spelen vart nummer 2.

I dei olympiske vinterleikane 1960 i Squaw Valley vart Pöysti nummer 6 individuelt og saman med Siiri Rantanen og Eeva Ruoppa fekk ho bronse på stafetten, Sverige vann tevlinga framfor Sovjetunionen. Pöysti gjekk så heilt til topps I den finske ski-meisterskapen. Mot slutten av OL-sesongen triumferte ho òg på 10 km i Lahti-spelen. Året etter vart ho nummer 2 i Lahti, eit renn Rantanen vann. I Ski-VM 1962 i Zakopane enda Pöysti på niandeplassen på 10 km.

Under Vinter-OL 1964 i Innsbruck vart Pöysti nummer 5 på begge dei individuelle distansane, 5 og 10 km. Som i førre vinterolympiade vann ho ein bronsemedalje i 3 x 5 km stafett, ved det høvet i lag med Senja Pusula og Mirja Lehtonen, Sovjetunionen og Sverige tok dei to fyrste plassane. I sitt siste internasjonale meisterskap, Ski-VM 1966 i Oslo, vart Pöysti nummer 9 på 10 km. Nokre veker seinare kom ho på tredjeplassen på 10 km i Lahti.

Kjelder endre