Toki pona er eit kunstig språk utvikla av Sonja Elen Kisa. Det vart fyrste gong gjort offentleg på internett sumaren 2001.

Namna på kroppsdelane på toki pona

Toki pona er eit «minimalistisk» språk, som fokuserer på dei kulturuavhengige («universelle») og enkle («gode») tinga i livet. Det er laga for å kunna uttrykkja mest mogleg meining med minst mogleg kompleks struktur. Språket har 14 fonem og 118 ord. Det er ikkje meint som eit internasjonalt hjelpespråk, men er inspirert av m.a. taoistisk filosofi. Den som lærer seg toki pona, får raskt ei kjensle av at gjennom å uttrykkja seg med enkle ord, lærer ein seg å tenkje klårt og ukomplisert.

Orda kjem frå fleire vidt ulike språk, som engelsk, finsk, walisisk, kinesisk, georgisk og tok pisin. I tillegg er det inspirert av dei andre konstruerte språka esperanto og lojban, og har nokre lydmålande ord. Lydane og stavinga er gjerne forenkla, som i «kepeken» som kjem frå det nederlandske ordet gebruiken.

Det finst nokre titals menneske som nyttar språket aktivt, og eit par dusin av desse snakkar det heilt flytande. Dei fleste av dei bur i Nord-Amerika. Det er produsert noko litteratur, for det meste ordspråk og lyrikk, men òg nokre noveller, essay og teikneseriar.

Nettstadar endre