Opna hovudmenyen

Tomas Tranströmer (fødd 15. april 1931 i Stockholm, død 26. mars 2015) [1] var ein svensk lyrikar og psykolog. Han fekk Nobelprisen i litteratur i 2011.

Tomas Tranströmer
Transtroemer.jpg
Fødd 15. april 1931
Stockholm
Død

26. mars 2015
Stockholm

Yrke språkforskar, lyrikar, omsetjar, psykolog, skribent
Tomas Tranströmer på Commons

Tranströmer debuterte som forfattar med diktsamlinga 17 dikter i 1954. Han vart raskt ein av dei leiande svenske lyrikarane. Dikta hans er omsette til over femti språk, og han er truleg den best kjende nordiske lyrikaren i den engelsktalande delen av verda. Diktsamlinga Sorgegondolen frå 1996 gjekk ut i eit opplag av 30 000, eit nær utruleg tal for ei lyrikkbok i Sverige. I 1990 fekk han hjerneblødning som førte til at han vart lamma på høgre side av kroppen og mista taleevna, i Sorgegondolen skriv han mellom anna om vanskane med å utrykkja seg:

«Det enda jag vill säga
glimmar utom räckhåll
som silvret
hos pantlånaren.»

I 1990 fekk han Nordisk Råds litteraturpris for diktsamlinga För levande och döda. På norsk er han gjendikta av Jan Erik Vold i Samlede dikt som kom på Gyldendal Norsk Forlag i 1996.

BibliografiEndra

  • 1954 17 dikter (Bonnier, Stockholm)
  • 1958 Hemligheter på vägen (Bonnier, Stockholm)
  • 1962 Den halvfärdiga himlen (Bonnier, Stockholm)
  • 1966 Klanger och spår (Bonnier, Stockholm)
  • 1970 Mörkerseende (Författarförlaget, Göteborg)
  • 1974 Östersjöar (Bonnier, Stockholm)
  • 1978 Sanningsbarriären (Bonnier, Stockholm)
  • 1983 Det vilda torget (Bonnier, Stockholm)
  • 1989 För levande och döda (Bonnier, Stockholm)
  • 1993 Minnena ser mig, erindringsbok (Bonnier, Stockholm)
  • 1996 Sorgegondolen (Bonnier, Stockholm)
  • 2001 Fängelse : nio haikudikter från Hällby ungdomsfängelse (1959) (Ed. Edda, Uppsala)
  • 2004 Den stora gåtan (Bonnier, Stockholm)

Prisar og utmerkingarEndra

FotnoteEndra