Tone Float

Tone Float
Studioalbum av Organisation
Utgjeve 1969
Innspelt Tyskland
Sjanger Krautrock
Lengd 41:19
Selskap RCA Victor
Produsent Conny Plank & Organisation
Kraftwerk-kronologi
Tone Float Kraftwerk
(1970)


Tone Float er eit album av det tyske bandet Organisation. Organisation var ei tidleg utgåve av Kraftwerk, og gav berre ut dette albumet. Etter albumet kom ut starta medlemmar frå bandet Kraftwerk.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

BakgrunnEndra

Albumet kom berre ut i Storbritannia og selde nokre få eksemplar i august 1969, og vert best hugsa fordi to av bandmedlemmane, Ralf Hütter og Florian Schneider-Esleben, seinare starta gruppa Kraftwerk. Det var produsert av Konrad «Conny» Plank.

‘Studioet låg midt eit oljeraffineri. Når me kom ut av døra kunne me høyre lyden av dei store flammane av avgassane som brann - alle slags industrilydar..’
Ralf Hütter [2]

Salet var dårleg og RCA valte å droppe bandet, som då vart oppløyst.

Albumet har aldri vorte offisielt gjeve ut på nytt, men det finst på piratkopierte CDar og LPar frå 1990-åra. Desse inneheld ofte bonusspor, feilaktig kalla «Vor dem blauen Bock», som i røynda er ein instrumental kalla «Rückstoss Gondoliere», frå ein konsert den 22. mai 1971 av Kraftwerk på TV-showet Beat-Club. Denne songen vart framført av den kortvarige varianten av Kraftwerk med Florian Schneider, Michael Rother og Klaus Dinger (Ralf Hütter hadde slutta i bandet i denne perioden for å studere arkitektur). Rother og Dinger starta sidan Neu!.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Schneider-Esleben, Hauf og Mönicks.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Tone Float»20:46
Side to
Nr.TittelLengd
2.«Milk Rock»5:24
3.«Silver Forest»3:19
4.«Rhythm Salad»4:04
5.«Noitasinagro»7:46

MedverkandeEndra

Bandmedlemmar
Andre medverkande

KjelderEndra

  1. Klaus Kehrle. «Tone Float - Organisation». allmusic.com. Henta 24. mars 2013. 
  2. Intervju i magasinet Select, 1991
  3. (1972) Plateomslagstekst for {{{title}}} avOrganisation [LP]. Great Britain: RCA-Victor (SF 8111).