Kraftwerk av Kraftwerk

Kraftwerk
Studioalbum av Kraftwerk
Språk tysk
Utgjeve November 1970
Innspelt Juli–september 1970
Sjanger Krautrock, kunstrock, musique concrete
Lengd 39:39
Selskap Philips
(ute av produksjon)
Produsent Conny Plank
Ralf Hütter
Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi 
Kraftwerk Kraftwerk 2
(1972)


Kraftwerk er det første albumet til det tyske electronicabandet Kraftwerk. Det kom ut i Tyskland i 1970, og var produsert av Konrad «Conny» Plank.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
Piero Scaruffi7/10 stars[2]

Bakgrunn endre

Dei fremste Kraftwerk-medlemmane Ralf Hütter og Florian Schneider brukte to trommeslagarar på innspelinga av albumet: Andreas Hohmann og Klaus Dinger. Trommeslagarane gav musikken eit innslag av rock. Dette var ganske annleis det førre bandet til Hütter og Schneider, Organisation, eller dei to neste Kraftwerk-albuma, Kraftwerk 2 og Ralf und Florian som begge vart spelte inn som ein duett av Hütter og Schneider. I følgje seinare intervju med Dinger, spelar han på side to («Vom Himmel hoch»), medan Hohmann spelar på side ein («Ruckzuck», «Stratovarius»), som var ferdig før Dinger kom med på innspelingane.

Dei andre instrumenta er Hütter på Hammondorgel og eit modifisert elektrisk orgel kalla ein tubon (laga av den svenske fabrikken Joh Mustad AB), medan Schneider spelte manipulert fløyte. Songen «Ruckzuck» er driven av eit kraftfull fløyte-riff i fleire lydspor, i lag med elektrisk fiolin og gitar. Desse instrumenta var ofte knytte til elektriske apparat via ein tone-til-spenning-omformar frå Electronic Music Studios.

Alle spora på albumet er instrumentalar, og «Ruckzuck» og «Stratovarius» er dei som ligg nærast rockemusikk. «Ruckzuck» har ein stramt arrangert opning som inneheld dramatiske temposkifte, før det kjem ein lengre del med stort sett perkusjon, og ein enno raskare reprise av opningstemaet mot slutten av stykket. Etter ein lang bordun på klaverinstrument, utviklar «Stratovarius» seg til ein skummel orgelintro etterfølgd av ein meir fri del med hovudsakleg gitar og trommer som byggjer seg opp og bryt ned att. «Megaherz» er ein duett spelt av Hütter og Schneider, og byrjar som ein djup, rislande basstone som gradvis vert utvikla med elektronisk handsaming til eit disharmonisk klimaks. Etter dette følgjer ein mediterande midtre del spelt med fløyte og klaverinstrument, før stykket vert avslutta med ei rekkje bølgjeliknande crescendo med stadig aukande intensitet. «Vom Himmel hoch» starta med ein fjern bordun som utvikla seg til bølgjer av dopplereffektlydar frå klaverinstrumentet som prøver å etterlikne lyden av fallande bomber. Etter kvart byrjar ein grov rockerytme (med Dinger på trommer) som raskt aukar i tempo og etter ein kort avbrot med støy, held fram mot ein eksplosiv finale.

Ein fargevideo spelt inn frå WDR finst av eit konsertopptak av «Ruckzuck» med det førre bandet til Hütter og Schneider, Organisation, i tillegg til svartkvitfilm av songen spelt av Hütter/Schneider/Dinger som Kraftwerk.

Plateomslaget, som var laga av Ralf Hütter, er eit nikk i retning Andy Warhol og Pop Art-miljøet hans med kraftig farga trafikkjegle teikna på Walholsk vis. Biletet inne i plateomslaget syner eit kraftverk, fotografert av kunstnarane Bernd og Hilla Becher.[3]

Gitaristen Michael Rother kom med i bandet etter dette albumet, og merkverdig nok slutta Hütter faktisk i bandet og var borte i nokre månader i 1971. Dette tre mann store Kraftwerk med Schneider, Dinger og Rother spelte på Radio Bremen og på TV-showet Beat-Club. Etter dette slutta Dinger og Rother for å starte bandet Neu!, medan Hütter kom attende og fortsette i Kraftwerk i lag med Schneider.

Ikkje noko frå albumet er spelt på konsertane til bandet etter Autobahn-turneen i 1975, og så langt har albumet ikkje vorte offisielt gjeve ut på CD. Bandet er visstnok motvillige til å rekne albumet med blant diskografien sin og Schneider omtalte sidan dei tre første Kraftwerk-albuma som «arkeologi». Piratkopiar på CD og vinyl har derimot eksistert sidan midten av 1990-åra. Kraftwerk har gjeve hint om at albumet omsider kan kome ut på CD etter plateboksen deira Der Katalog.[4]

«Ruckzuck» vart nytta som kjenningsmelodi for det tidlegare PBS-showet Newton's Apple i USA. Det vart nytta utan løyve. Seinare episodar av showet nytta ein ukjend coverversjon av denne songen.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Ruckzuck»7:47
2.«Stratovarius»12:10
Side to
Nr.TittelLengd
3.«Megaherz»9:30
4.«Vom Himmel hoch»10:12

Medverkande endre

[5]

Kjelder endre

  1. Raggett, Ned (2011 [last update]). «Kraftwerk 1 - Kraftwerk | AllMusic». allmusic.com. Henta 24. mars 2013. 
  2. http://www.scaruffi.com/vol3/kraftwer.html
  3. Becher, Bernd. «Bernd and Hilla Becher: ''Typologies''». Amazon.com. Henta 24. mars 2013. 
  4. Dante de Conti & Marcelo Duarte (28. januar 2011). «DATA - INTERVIEWS - DUMMY MAGAZINE - RALF HUTTER - SPRING 2006 - 2011-AUG-21 ::::». Kraftwerk.Technopop.Com.Br. Arkivert frå originalen 12. april 2008. Henta 24. mars 2013. 
  5. (1972) Plateomslagstekst for {{{title}}} av Kraftwerk [LP]. Tyskland: Philips (6305 058).