Tonight I'm Yours
Tonight I'm Yours Studioalbum av Rod Stewart | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 6. november 1981 | |
Innspelt | November 1980 - juni 1981 | |
Sjanger | Softrock, poprock, new wave | |
Lengd | 41:10 | |
Selskap | Warner Bros. Riva | |
Produsent | Jim Cregan, Rod Stewart | |
Rod Stewart-kronologi | ||
---|---|---|
Foolish Behaviour (1980) |
Tonight I'm Yours | Absolutely Live (1982) |
Singlar frå Tonight I'm Yours | ||
|
Tonight I'm Yours er det 11. studioalbumet til Rod Stewart, gjeve ut i 1981. Det inneheld element av klassisk rock, pop og new wave. Albumet hadde tre hitsinglar, med tittelsporet «Tonight I'm Yours (Don't Hurt Me)» (US Billboard nr. 20, US Cash Box nr. 15; Canada nr. 2[4]), «Young Turks» (US nr. 5) og «How Long?» (US nr. 49).
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | B[2] |
Rolling Stone | [3] |
Informasjon
endrePå Tonight I'm Yours utvikla Rod Stewart musikkstilen sin vidare, etter å ha spelt inn discosongar på Blondes Have More Fun og Foolish Behaviour, og la til element av synthpop og new wave (som tittelsporet og «Young Turks»), men heldt seg elles til rockestilen sin. Albumet inneheld tre coverlåtar «Tear It Up», «How Long?» og «Just Like a Woman».
Songen «Never Give Up on a Dream» var dedisert til den kanadiske atleten Terry Fox, som sprang 5 342 km med protese i Marathon of Hope for å få inn pengar til kreftforsking. Fox døydde av kreft i 1981, det året albumet kom ut.
Musikkvideoen «Tonight I'm Yours» vart filma av den kjende australske musikkvideoregissøren Russell Mulchany[5]
Mottaking
endreAlbumet fekk stort sett grei kritikk og fekk fire av fem stjerner både av Rolling Stone då albumet kom ut[3] og i ei seinare melding på AllMusic.[1] På AllMusic har ingen av albuma til Stewart meir enn fire stjerner. Albumet har seld meir enn 10 millionar eksemplar verda over.
Albumet nådde 11. plassen på «Pop Album Charts» i USA og selde etter kvart til platina. Songen «Young Turks» var den største hitten frå albumet og nådde femteplassen på «Pop Singles»-lista. «Young Turks» og fire singlar til, «How Long?», «Jealous», «Tonight I'm Yours (Don't Hurt Me)» og «Tora, Tora, Tora (Out With The Boys)», nådde alle Topp 50 på «Pop Singles»- og «Mainstream Rock»-lista.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Tonight I'm Yours (Don't Hurt Me)» | Stewart, Jim Cregan, Kevin Savigar | 4:09 |
2. | «How Long» | Paul Carrack | 4:12 |
3. | «Tora, Tora, Tora (Out With The Boys)» | Stewart | 4:29 |
4. | «Tear It Up» | Dorsey Burnette, Johnny Burnette, David Burlinson | 2:29 |
5. | «Only a Boy» | Stewart, Jim Cregan, Kevin Savigar | 4:09 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Just Like a Woman» | Bob Dylan | 3:55 |
7. | «Jealous» | Stewart, Carmine Appice, Jay Davis, Danny Johnson | 4:30 |
8. | «Sonny» | Stewart, Cregan, Kevin Savigar, Bernie Taupin | 4:01 |
9. | «Young Turks» | Stewart, Appice, Duane Hitchings, Kevin Savigar | 5:04 |
10. | «Never Give Up on a Dream» | Stewart, Cregan, Taupin | 4:20 |
Medverkande
endre- Rod Stewart – vokal
- Jim Cregan – gitar (alle spor), korvokal
- Robin LeMesurier – gitar (alle spor utanom «Tonight I'm Yours,» «Jealous,» og «Young Turks»)
- Jeff Baxter – gitar på «Tonight I'm Yours», pedalsteelgitar på «Just Like a Woman»
- Mark Knopfler – gitar på «Young Turks»[7]
- Danny Johnson – gitar på «Jealous»
- Byron Berline – fele på «Only a Boy»
- Jimmy «Z» Zavala – munnspel, saksofon
- Kevin Savigar – klaverinstrument
- Duane Hitchings – klaverinstrument («Tonight I'm Yours» og «Young Turks»)
- Jay Davis – bass
- Carmine Appice – trommer («Tonight I'm Yours» og «Young Turks»), korvokal
- Tony Brock – trommer (alle spor utanom «Tonight I'm Yours» og «Young Turks» der han spelte perkusjon), tamburin på «Never Give Up on a Dream,» korvokal
- Paulinho da Costa – perkusjon
- Tommy Vig – røyrbjøller
- Penny Jones – soloist på «Never Give Up on a Dream»
- Linda Lewis, The Penetcostal Community Choir – korvokal
- Karat Faye- lydteknikar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tonight I'm Yours» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 AllMusic review
- ↑ «Robert Christgau: CG: rod stewart». www.robertchristgau.com. Henta 4. juni 2018.
- ↑ 3,0 3,1 «Tonight I'm Yours». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 23. november 2017. Henta 4. juni 2018.
- ↑ Canada, Library and Archives (11. juni 2018). «Item». bac-lac.gc.ca. Henta 4. juni 2018.
- ↑ Song Facts om albumet
- ↑ Rod Stewart- Tonight I'm Yours @Discogs.com Henta 4-14-2013.
- ↑ «Interviews with Mark Knopfler from gitar magazines». ds.mk-guitar.com. Henta 4. juni 2018.