Blondes Have More Fun

Blondes Have More Fun
Studioalbum av Rod Stewart
Språk engelsk
Utgjeve 17. november 1978
Innspelt 1978
Sjanger Rock, disco
Lengd 43:09
Selskap Riva, Warner Bros.
Produsent Tom Dowd
Rod Stewart-kronologi 
Foot Loose & Fancy Free
(1977)
Blondes Have More Fun Greatest Hits, Vol. 1
(1979)


Blondes Have More Fun er det niande albumet til Rod Stewart, gjeve ut i november 1978. Dette var Stewart sitt første steg inn i disco, som var den populære musikkstilen på denne tida. Sjølv om albumet selde godt, fekk det heller lunken kritikk. Den første singelen, «Da Ya Think I'm Sexy», vart ein av dei største hittane til Stewart og gjekk til topps i både Storbritannia og USA. Albumet har selt meir enn 14 millionar eksemplar verda over.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Robert ChristgauB[2]
Rolling Stone(negativ)[3]
The Rolling Stone Album Guide2.5/5 stars[4]

Oversyn endre

Etter å ha skapt ein suksessrik karriere gjennom 1970-åra som rockesongar, følgde Stewart her discotrenden, som var på sitt mest populære i 1978, på somme av songane på albumet. Den første singelen var «Da Ya Think I'm Sexy», som gjekk til topps i Storbritannia, USA, Australia og fleire andre land.[5][6][7] Mange kritikarar slakta discosongane på albumet, men dei vart likevel ein av dei største hittane hans. Stewart har sidan forsvart songen og sagt at både Paul McCartney og The Rolling Stones òg dreiv med disco på denne tida.[8] Den andre singelen frå albumet var «Ain't Love a Bitch», som nådde 11. plassen i Storbritannia og 22. plassen i USA.[9][7] Den tredje og siste singelen, «Blondes (Have More Fun)», nådde 63. plassen i Storbritannia, den lågaste plasseringa hans der på denne tida, men nådde 23. plassen i Irland.[9][10]

Sjølve albumet nådde tredjeplassen i Storbritannia og hadde selt til platina innan jul. I USA gjekk det heilt til topps og selde til dobbelt platina.[11] Det gjekk òg inn på topp 10-listene i mange andre land.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Da Ya Think I'm Sexy?»Jorge Ben Jor[12][13][14][15], Rod Stewart, Carmine Appice, Duane Hitchings5:31
2.«Dirty Weekend»Stewart, Gary Grainger2:36
3.«Ain't Love a Bitch»Stewart, Grainger4:39
4.«The Best Days of My Life»Stewart, Jim Cregan4:21
5.«Is That the Thanks I Get?»Stewart, Cregan4:32
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Attractive Female Wanted»Stewart, Grainger4:17
7.«Blondes (Have More Fun)»Stewart, Cregan3:46
8.«Last Summer»Stewart, Philip Chen4:05
9.«Standin' in the Shadows of Love»Lamont Dozier, Eddie Holland, Brian Holland4:28
10.«Scarred and Scared»Stewart, Grainger4:54

Medverkande endre

  • Rod Stewart – solovokal

Rod Stewart Band

Gjestemusikarar

Produksjon

  • Tom Dowd – produsent, miksing
  • Andy Johns – lydteknikar, miksing
  • George Tutko – assisterande lydteknikar

Salslister endre

Liste (1978/9) Plassering
Austria[16] 10
Australia[17] 1
Tyskland[18] 3
Nederland[16] 3
New Zealand[16] 1
Noreg[16] 2
Sverige[16] 1
UK[9] 3
US 1

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[19] ingen 441,800 [20]*

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. AllMusic review
  2. Robert Christgau Consumer Guide
  3. Rolling Stone review, arkivert frå originalen 7. november 2017, henta 4. juni 2018 
  4. Rolling Stone Album Guide, arkivert frå originalen 19. september 2011, henta 4. juni 2018 
  5. «Australia n°1 Hits – 70's». Worldcharts.co.uk. Arkivert frå originalen 24. april 2014. Henta 4. juni 2018. 
  6. «1978 Top 40 Official UK Singles Archive – 2. desember 1978». Official Charts Company. Henta 4. juni 2018. 
  7. 7,0 7,1 «Rod Stewart awards on AllMusic». AllMusic. Henta 4. juni 2018. 
  8. Stewart, Rod. Rod: The Autobiography (2012): 225-226
  9. 9,0 9,1 9,2 Official UK Charts – Rod Stewart
  10. «The Irish Charts – All There Is To Know». irishcharts.ie. Henta 4. juni 2018. 
  11. Rod Stewart fanclub – Blondes Have More Fun, arkivert frå originalen 20. desember 2016, henta 4. juni 2018 
  12. arkivkopi, arkivert frå originalen 1. desember 2017, henta 4. juni 2018 
  13. https://istoe.com.br/259601_AS+CONFISSOES+DE+ROD+STEWART/
  14. https://books.google.com.br/books?id=SLU-Iw12VNMC&lpg=PP225&pg=PA225&redir_esc=y#v=onepage&q&f=false
  15. arkivkopi, arkivert frå originalen 27. september 2018, henta 4. juni 2018 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 Swedish Charts – Blondes Have More Fun
  17. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  18. Official German Charts – Rod Stewart
  19. «French album salstrofé – Rod Stewart – Blondes have more fun» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  20. https://www.infodisc.fr/Ventes_Albums_Tout_Temps.php?debut=700