Tonja Buford-Bailey

(Omdirigert frå Tonja Buford)

Tonja Yvette Buford-Bailey (fødd 13. desember 1970) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Dayton i Ohio som i hovudsak tevla i 400 meter hekk. Ho vann i 1995 VM-sølv og 1996 OL-bronse i øvinga.

Tonja Buford-Bailey
Statsborgarskap USA
Fødd 13. desember 1970 (53 år)
Dayton
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Buford gjorde sitt livs løp i VM-finalen 1995 i Göteborg. Med tida 52,62 vann ho sølvmedaljen på langhekken, ein hundredels sekund attom landskvinna Kim Batten som sette verdsrekord i øvinga, Begge løparane kom under den gamle verdsrekorden til britiske Sally Gunnell på 52,74 sekund.

Året etter presterte ho som Buford-Bailey sitt nest beste langhekkløp og vann på tida 53,22 bronsemedaljen under dei olympiske sommarleikane 1996. Deon Hemmings frå Jamaica vart olympisk meister og Kim Batten tok sølv.

Buford-Bailey avslutta med å verte nummer fire i 400 m hekk i VM 2001. Ho var då 0,05 sekund for seint ute til å slå bronsemedaljør Daimí Pernía frå Cuba.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre