Opna hovudmenyen

Deon Hemmings (fødd 10. september 1968) er ein jamaicansk tidlegare friidrettsutøvar frå Saint Ann Parish som i 1990-åra og tidleg 2000-tal tilhøyrde verdseliten på 400 meter hekk. Åra 1992-2001 kvalifiserte ho seg til alle åtte OL- og VM-finalane på langhekken. Ho vart olympisk meister i 1996, og tok òg OL-sølv, VM-sølv og to VM-bronsar i øvinga. Dessutan vann ho OL-sølv og VM-bronse i 4 x 400 m stafett med Jamaica.

Deon Hemmings
Fødd 9. oktober 1968
Saint Ann Parish
Yrke friidrettsutøvar

AktivEndra

Hemmings kom på andreplass på 400 m hekk i Samveldeleikane 1994 i Victoria i Australia, britisk-engelske Sally Gunnell sigra. I 1995 vann Hemmings si fyrste VM-medalje, ein bronsemedalje på 400 meter hekk i Göteborg.

Høgdepunktet for Hemmings kom under dei olympiske leikane 1996 i Atalanta, der ho lukkast vinne langhekken på ny olympisk rekord, 52,82 sekundar, framom Kim Batten og Tonja Buford-Bailey, begge frå USA. Det var den aller fyrste olympiske gullmedaljen vunne av ei kvinne frå Jamaica. I VM 1997 var ho nær ved å sikre seg nok ein gullmedalje, men måtte gje tapt for Nezha Bidouane frå Marokko. Ho fekk også ein bronsemedalje i same meisterskapen då ho sprang den tredje etappen for Jamaica sitt lag i 4 x 400 meter stafett. To år seinare tok ho i Sevilla si tredje strake VM-medalje i 400 m hekk, ein bronse.

Eit sterkt løp av russiske Irina Privalova hindra Hemmings å forsvare OL-gullet på langhekken då sommarleikane 2000 fann stad i Sydney. Med 53,12 sekundar i sluttid viste ho Hemmings til sølv på tida 53,45. Også i 4 x 400 meter stafett fekk Hemmings ein sølvmedalje for sin og lagkameratane sin innsats.

Ho la opp etter 2001-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra