Tonje Glimmerdal

norsk barnebok av Maria Parr

Tonje Glimmerdal er ein roman for barn skriven av Maria Parr og utgjeven av Det Norske Samlaget i 2009. Boktittelen er også namnet på hovudpersonen i boka, ei ni år gammal jente som vert ti mot slutten av romanen. Den norske utgåva av boka er illustrert av Åshild Irgens.

Tonje Glimmerdal
Forfattar(ar)Maria Parr
SjangerBarnelitteratur
Utgjeven2009
NasjonalitetNorsk
ForlagDet Norske Samlaget
Sider282
ISBN 9788252174038
Maria Parr signerer Tonje Glimmerdal og Vaffelhjarte.
Foto: Andreas Vartdal

Tonje Glimmerdal bur øvst i Glimmerdalen som på same tid er både ei fjellbygd og ei fjordbygd. Ho er einaste ungen i bygda og beste venen hennar er den 74-årige Gunnvald. Når han hamnar på sjukehuset får Tonje mykje å ordne opp i og ei Heidi, med namn og trekk frå Johanna Spyri sine barnebøker, dukkar opp i forteljinga.

Romanen er den andre boka til Maria Parr, etter Vaffelhjarte frå 2005. Boka fekk gjennomgåande svært gode kritikkar og god mottaking hjå lesarane. Alt før ho var komen ut var boka seld til fem andre land. Parr har fått Brageprisen, den tyske Leuchs-prisen, Melsom-prisen, Nynorsk barnelitteraturpris, og Kritikarprisen for boka.

Forfattaren har lese inn lydbok av romanen.

På andre språk endre

  • Dansk: Tonje Glimmerdal (2011, Batzer & Co)
  • Estisk: Vilgukivioru Tonje (2013, Eesti Raamat)
  • Fransk: La petite terreur de Glimmerdal (2012, Thierry Magnier)
  • Nederlandsk: Tonje en de geheime brief (2010, Lannoo)
  • Russisk: Тоня Глиммердал (2011, Samokat)
  • Svensk: Tonje och det hemliga brevet (2010, Rabén & Sjögren)
  • Tysk: Sommersprossen auf den Knien (2010, Cecilie Dressler)
  • Serbisk: Devojčica iz svetlucave doline (2018, Kreativni centar)

Kjelder endre