Johanna Spyri

sveitsisk skribent

Johanna Louise Spyri (fødd Heusser, 12. juni 18277. juli 1901) var ein sveitsisk forfattar som er best kjend for dei to romanane sine om Heidi (1880 og 1881).

Johanna Spyri

Statsborgarskap Sveits
Fødd 12. juni 1827
Hirzel
Død

7. juli 1901 (74 år)
Zürich

Yrke skribent, romanforfattar, barnebokforfattar
Språk tysk
Far Johann Jakob Heusser
Mor Meta Heusser-Schweizer
Ektefelle Johann Bernhard Spyri
Johanna Spyri på Commons

Frå debuten i 1871 til ho døydde i 1901 gav ho ut 31 bøker.

Spyri var fødd i Hirzel i kantonen Zürich som det fjerde av dei seks borna til legen Johann Jacob Heusser og lyrikaren Meta Heusser-Schweizer.[1] Ho voks opp i Hirzel, men som barn var ho mange somrar i området rundt Chur i Graubünden, som mange av dei seinare forteljingane hennar er lagt til.

Frå ho var 16 til ho var 18 budde ho i Yverdon, der ho lærte seg fransk. Frå ho var 18 til ho var 25 budde ho heime, og hjelpt mora i hushaldet.[1] I 1852 gifta ho seg med advokaten og redaktøren Bernhard Spyri (1821–1884), som frå var 1868 byskrivar i Zürich. Bernhard Spyri var ein venn av den eldre broren hennar Theodor, og også av Richard Wagner.[2] Det fyrste litterære verket til Johanna Spyri var eit anonymt dikt til Wagner sin 40-årsdag i 1853.[2]

Ekteparet fekk ein son, Bernhard, i 1855.[1] Ektemannen gjekk opp i arbeidet, og Johanna Spyri mistreivst i ekteskapet.[1] Både ektemannen Johann og sonen Bernhard døydde i 1884.[1] Som enke skreiv ho fleire barnebøker, og etablerte ein vennskap med forfattaren Conrad Ferdinand Meyer.

Bøker

endre
 
Heidi og Geite-Petter; frå ei engelsk utgåve av Heidi frå 1922. Av Jessie Willcox Smith.

På oppfordring frå ein venn av mora byrja ho å skriva. Debutboka Ein Blatt auf Vronys Grab (1871) er ei dyster skildring av ei kvinne som blir mishandla av den forfylla ektemannen sin. Boka blei ein suksess.

Frå 1875 til 1892 sat Spyri i tilsynsnemnda for jenteskulen i Zürich. Den fyrste barneboka hennar, Heimathlos, kom ut i 1878. Dette var den fyrste av bøkene hennar med «Eine Geschichte für Kinder und auch für Solche, welche die Kinder lieb haben» ('Ei forteljing for barn og for dei som elskar barn') på tittelsida. Formuleringa blei gjenteken på fleire av dei seinare bøkene hennar.

I 1880 kom Heidis Lehr- und Wanderjahre ut, og blei ein verdssuksess. Boka blei skriven i løpet av nokre korte sommarveker i 1879.[2] I 1881 kom oppfølgjaren Heidi kann brauchen was es gelernt hat ut. Denne boka vart òg mykje lesen. Bøkene om Heidi er ein «oskepotthistorie» om ei foreldrelaus jente som kjem for å bu saman med bestefaren, ein eksentrisk type som bur avsides i dei sveitsiske Alpane. Ho blir seinare selskapsjente for ei svakeleg jente i ein rik familie i Frankfurt am Main. Verket har bidratt til å prega bildet av Sveits i utlandet som få andre litterære verk, men har òg blitt kritisert for konservative, likestillingsfiendtlege haldningar,[2] for svart/kvitt-aktige personskildringar og for å idyllisera det landlege livet.[3]

Bibliografi (originaltitlar)

endre
  • 1871 Ein Blatt auf Vrony's Grab
  • 1872 Ihrer Keines vergessen.
  • 1872 Nach dem Vaterhause!
  • 1872 Verirrt und gefunden (Aus dem Leben) (noveller)
  • 1873 Aus früheren Tagen.
  • 1878 Heimathlos. (med historiene Am Silser- und am Gardasee og Wie Wiseli's Weg gefunden wird)
  • 1879 Aus Nah und Fern. (med historiene Der Mutter Lied og Peppino, fast eine Räubergeschichte)
  • 1879 Verschollen, nicht vergessen. Ein Erlebnis, meinen guten Freundinnen, den jungen Mädchen
  • 1880 Heidis Lehr- und Wanderjahre.
  • 1880 Aus unserem Lande. (med historiene Daheim und wieder draussen og Wie es in Waldhausen zugeht)
  • 1880 Im Rhonethal
  • 1881 Am Sonntag
  • 1881 Heidi kann brauchen, was es gelernt hat.
  • 1881 Ein Landaufenthalt von Onkel Titus.
  • 1882 Kurze Geschichten für Kinder und auch für Solche, welche die Kinder lieb haben. (med fortellingene Beim Weiden-Joseph, Rosen-Resli, Der Toni von Kandergrund, Und wer nur Gott zum Freunde hat, dem hilft er allerwegen! og In sicherer Hut)
  • 1883 Zwei Volksschriften (med tekstene Ein goldener Spruch og Wie einer dahin kam, wo er nicht hin wollte)
  • 1883 Wo Gritlis Kinder hingekommen sind.
  • 1884 Gritlis Kinder kommen weiter.
  • 1885 Aus dem Leben eines Advocaten
  • 1886 Kurze Geschichten für Kinder und auch für Solche, welche die Kinder lieb haben. Zweiter Band. (med fortellingene Moni der Geissbub, Was der Grossmutter Lehre bewirkt, Vom This, der doch etwas wird, Am Felsensprung og Was Sami mit den Vögeln singt)
  • 1887 Was soll denn aus ihr werden? Eine Erzählung für junge Mädchen
  • 1888 Aus den Schweizer Bergen. (med fortellingene In Hinterwald, Die Elfe von Intra og Vom fröhlichen Heribli)
  • 1888 Arthur und Squirrel.
  • 1889 Was aus ihr geworden ist. Eine Erzählung für junge Mädchen.
  • 1890 Cornelli wird erzogen.
  • 1891 Volksschriften von Johanna Spyri. Zweiter Band. (med tekstene In Leuchtensee og Wie es mit der Goldhalde gegangen ist)
  • 1892 Schloss Wildenstein
  • 1901 Die Stauffer-Mühle

Ettermæle

endre

Bøkene om Heidi er filma fleire gongar, mellom anna i den tysk-sveitsisk-australske tv-serien Heidi (1978), med Max von Sydow i 2005 og med Shirley Temple i 1937.[4]

Då det sveitsiske barnebokinstituttet blei stifta i 1968 tok det namnet sitt etter henne: Johanna Spyri-Stiftung.[5]

Det blei skipa eit Johanna Spyri-Museum i 1981 etablert i skulebygningen i Hirzel, der Spyri sjølv hadde vore elev.[6]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Biografi, fembio.org
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Spyri, Johanna Louise; deutsche-biographie.de
  3. Kari Sønsthagen og Torben Weinreich. Leksikon for børnelitteratur. Branner og Korch, 2003. ISBN 87-411-5970-5
  4. Johanna Spyri ved The Internet Movie Database (IMDb)
  5. Geschichte; sikjm.ch
  6. Johanna-Spyri-Museum, Hirzel; myswitzerland.com