Tony Sales

(Omdirigert frå Tony Fox Sales)

Tony Fox Sales (fødd 26. september 1951) er ein amerikansk bassgitarist, og i lag med broren Hunt Sales, har han spelt i lag med Todd Rundgren, Iggy Pop og Tin Machine med David Bowie.

Tony Fox Sales

Fødd26. september 1951 (73 år)
Cleveland, Ohio, USA
FødestadCleveland
OpphavUSA
Aktiv1965 til i dag
SjangerRock
Hardrock
Poprock
InstrumentBassgitar
Korvokal
Tilknytte artistarTony and The Tigers
Utopia
Chequered Past
Tin Machine
The Cheap Dates
PlateselskapEMI
Perseverance Records
Verka somMusikar
Gift medAnulka Dziubinska, Taryn Power

Bakgrunn

endre

Sales var fødd i Cleveland i Ohio som son av tv-komikaren Soupy Sales (1926-2009) og Barbara Fox (1931– 2017). Han voks opp i Detroit i Michigan med den yngre broren Hunt Sales (f. 1954).

Det fyrste bandet hans var Tony and the Tigers, der Hunt spelte trommer. Tony and The Tigers gav ut songen «Turn It on Girl», som blei ein mindre lokal hitt i Detroit. Dei var to gonger på fjernsynsprogrammet Hullabaloo: 20. desember 1965, med Jerry Lewis som programleiar, og 4. april 1966 med faren Soupy Sales som programleiar.

Tony og Hunt arbeidde med artistar og grupper om Chequered Past, David Bowie, Iggy Pop, Todd Rundgren, Bob Welch, Andy Fraser frå Free, Harry Dean Stanton and The Cheap Dates, The Hunt Sales Memorial, Tin Machine (med Bowie), og andre frå 1989 til 1994.

Diskografi

endre

Med Todd Rundgren

endre

Med Iggy Pop

endre

Med Tin Machine

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre