Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland (fødd 30. oktober 1971 i Bergen) er ein norsk forfattar.

Tor Arve Røssland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1971 (53 år)
Bergen
Yrke skribent
Nettstad http://torarve-rssland.squarespace.com/

Røssland er oppvaksen på Husnes i Kvinnherad, og har sidan budd på Voss, i Trondheim, og i Bergen. Han er no busett på Halhjem i Os i Hordaland. Han er utdanna ved Universitetet i Trondheim med faga filmvitskap, litteraturvitskap og mediepedagogikk.

Tor Arve Røssland har skrive bøker både for born, ungdom og vaksne. Han har skrive i mange ulike sjangrar, men dei humoristiske bøkene om Pode og grøssarserien om Svarte-Mathilda er det mest framtredende.

Bøker

endre
  • 1999: Pode (Det Norske Samlaget) (Illustrasjonar: Øyvind Torseter) Omsett til tysk med tittelen Paul und die Kraft der Spaghetti. Patmos forlag. 2002
  • 2000: Pode mister fotfestet (Det Norske Samlaget) (Illustrasjonar: Øyvind Torseter)
  • 2002: Pode får snue (Det Norske Samlaget) (Illustrasjonar: Øyvind Torseter)
  • 2004: Plutselig skjøna eg alle songane (Det Norske Samlaget)
  • 2006: Anti-Pode (Det Norske Samlaget) (Illustrasjonar: Øyvind Torseter)
  • 2008: På rømmen i New York (Det Norske Samlaget) (Illustrasjonar: Henning Lystad)
  • 2010: Svarte-Mathilda (Det Norske Samlaget), nominert til Uprisen 2011
  • 2011: Gamer (Mangschou forlag) i serien Skumring, vinnar av Ordknappen 2012
  • 2012: Svarte-Mathilda II (Det Norske Samlaget)
  • 2013: Svarte-Mathilda III (Det Norske Samlaget), nominert til Uprisen 2014
  • 2014: En smak av Zommer (Egmont Kids Media Nordic) i serien GRUSOM
  • 2014: Soledad (Aschehoug forlag), nominert til Uprisen 2015
  • 2014: Snatch (Mangschou forlag) i serien Skumring
  • 2015: Glimt (Det Norske Samlaget), nominert til Uprisen 2016
  • 2017: Dronen (Mangschou forlag) i serien Skumring
  • 2018: Den tolvte spelaren (Det Norske Samlaget) i serien Grøss og gru. Nominert til Uprisen 2019
  • 2019: Kodeord Overlord (Vigmostad & Bjørke), nominert til Bokslukerprisen
  • 2020: Absolutt Pode - samlebok. (Illustrasjonar: Øyvind Torseter) (Det Norske Samlaget)
  • 2021: Jegeren (Mangschou forlag) i serien Skumring
  • 2022: Vulkanen vaknar - Overleve bok 1 (Illustrasjonar: Nikolai Lockertsen) (Det Norske Samlaget)
  • 2022: Istid - Overleve bok 1 (Illustrasjonar: Nikolai Lockersten) (Det Norsk Samlaget)
  • 2023: Den siste krigen - Overleve bok 3 (Illustrasjonar Nikolai Lockertsen) (Det Norske Samlaget)

Dramatikk

endre

Bidrag i antologiar

endre
  • 2004: Røsslyngen spreier seg ein stad i vest (Barberblad forlag)
  • 2005: Sentimental - (Eide forlag)
  • 2011: Trøysteboka - (Skald forlag) (Illustrasjonar: Gunvor Rasmussen)
  • 2013: Monsterboka - (Skald forlag) (Illustrasjonar: Gunvor Rasmussen)
  • 2016: Fantasiboka - (Skald forlag) (Illustrasjonar: Gunvor Rasmussen)

I tillegg har han tekstar i ulike lærebøker, Norsk barneblad, Tunkatten.no m.m.

Prisar og utmerkingar

endre

Bakgrunnsstoff

endre