Øyvind Torseter
Øyvind Torseter (fødd 2. oktober 1972) er ein norsk biletkunstnar, illustratør, teikneserieskapar og forfattar.
Øyvind Torseter | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. oktober 1972 (52 år) Oslo |
Yrke | illustratør, skribent, barnebokforfattar |
Språk | norsk |
Øyvind Torseter på Commons |
Han har illustratørutdanning frå Merkantilt Institutt i Oslo (1991–1992), Skolen for Grafisk Design i Oslo (1992–1994) og Kent Institute of Art and Design i Maidstone (1995–1998). Han har illustrert fleire biletbøker, blant anna den prisløna Klikk frå 2004 med eigen tekst.
Torseter arbeider både med tradisjonelle og digitale biletteknikkar, særleg med vekt på teikning. Han eksperimenterer og med grafiske effektar og tredimensjonale papirklipp. Teikningane i bøkene kan både vere illustrasjonar til ein handlingsorientert tekst, men og leik og eksperiment med fri teiknekunst som inneheld detaljar og historier med stort tolkingsrom. Torseter vert av mange sett som ein av Noregs fremste unge biletbokkunstnarar og teiknarar.[treng kjelde]
Øyvind Torseter bur og arbeider i Oslo.
Bibliografi
endre- Eigne bøker
- 2002: Mister Random
- 2004: On the road again, again
- 2004: Klikk
- 2005: For en neve havre
- 2007: Avstikkere
- 2009: Gravenstein
- 2012: Hullet
- Illustrasjonar til andre sine tekstar
- 1999: Tor Arve Røssland: Pode – barnebok
- 1999: Finn Øglænd: Vers på tvers. Dikt og tekster for barn
- 2000: Tor Arve Røssland: Pode mister fotfestet
- 2002: Tor Arve Røssland: Pode får snue
- 2002: Bjørn Sortland: Plutselig ville eg ikkje laga dorulldyr lenger
- 2006: Roald Kaldestad: Englefjell
- 2006: Tor Arve Røssland: Anti-Pode
- 2006: Bjørn Sortland: Den gongen eg liksom-døydde
- 2007: Radiorådet. Radiorådet : din redningsbøye på livets stormfulle hav
- 2008: Stein Erik Lunde: Eg kan ikkje sove no
- 2009: Jon Fosse: Spelejenta
- 2010: Tore Renberg: Gi gass, Ine
- 2010: Kurt Johannessen: Å kysse ein frosk
- 2011: Tore Renberg: He he, Hasse
Litterære prisar m.m. (utval)
endre- 1999: Kultur- og kyrkjedepartementets illustrasjonspris for barne- og ungdomslitteratur for Pode (forfattar Tor Arve Røssland)
- 2004: Sproingprisen (Beste nykomar) for Samlivstrøbbel og sirkus (saman med Bjørn Sortland)
- 2004: Kultur- og kyrkjedepartementets biletbokpris for barne- og ungdomslitteratur for Klikk
- 2007: Kultur- og kyrkjedepartementets illustrasjonspris for barne- og ungdomslitteratur for Klar ferdig gå! (forfattarar Beate Grimsrud og Inger Alfvén)
- 2008: Bologna Ragazzi Award for Avstikkere
- 2008: Kyrkje- og undervisningsdepartementets biletbokpris for Eg kan ikkje sove no (saman med Stein Erik Lunde)
- 2010: Kultur- og kyrkjedepartementets biletbokpris for barne- og ungdomslitteratur for Gi gass, Ine (saman med Tore Renberg)
- 2011: Bokkunstprisen
- 2012: Illustrationspreis für Kinder- und Jugendbücher des Gemeinschaftswerks der Evangelischen Publizistik (GEP, Tyskland)) for Papas Arme sind ein Boot
- 2015 Kritikerprisen for beste bok for born eller ungdom for Mulegutten[1]
Kjelder
endre- ↑ «Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok 2015». Kritikerlaget. Henta 10. november 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Øyvind Torseter» frå Wikipedia på bokmål, den 10. november 2012.