Tor Oftedal

norsk politikar

Tor Olav Oftedal (14. januar 19255. oktober 1980) var ein norsk journalist og politikar frå Sandnes i Rogaland, som åra 1969-80 representerte Buskerud og ArbeidarpartietStortinget.

Tor Oftedal
Fødd14. januar 1925
Sandnes kommune
Død5. oktober 1980 (55 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, redaktør
Alle verv

Oftedal var son til ein pressemann. Etter å ha gått handelsgymnas og vorte student i 1945, byrja han å arbeide som journalist i Stavanger-avisa 1ste Mai. Deretter var han i 1946-47 journalist i Forsvarets pressetjeneste i Oslo. Perioden 1947-54 var han tilsett ved Arbeidernes pressekontor, med fast arbeidsplass på Stortinget. Frå 1954 til 1969 jobba han i avisa Fremtiden i Drammen, dei siste fem åra var han redaktør i avisa.

Oftedal vart vald inn på Stortinget frå Buskerud og for Arbeidarpartiet i 1969, og deretter attvald to gongar. Sesjonane fram til 1977 var han med i Utanriks- og konstitusjonskomitéen, frå 1973 som formann i komiteen. 1977/78-sesjonen var han nestformann i Administrasjonskomitéen, sidan medlem i same komite til han døydde. Han var sjef i Riksrevisjonen i 1978-80.

Kjelder endre