Tord Sjåreksson

islandsk poet

Tord Sjåreksson eller Tord Særeksson (norrønt Þórðr Sjáreksson) var ein islandsk skald frå byrjinga av 1000-talet.

Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Det er særs lite ein veit om Tord Sjåreksson. Han var truleg i slekt med den kjende skalden Hjalte Skeggjason från Thjorsardalur på Island og det er òg truleg at han var slekt med helten Torolf Skolmsson (Torolf den sterke) som er nemnt i Ågrip og i Fagerskinna.

Etter Skaldatal var Tord Sjåreksson skald hos Eirik Håkonsson Ladejarl og hos kong Olav Haraldsson. Dikt av Tord er sitert både i Heimskringla og i Fagerskinna, og av dikta hans er desse kjende:

  • Dråpa om Torolf Skolmsson[1]
  • Flokk om Kløng Brusesson[2] (han var truleg ein norsk hovding).
  • Rodudråpa[3] – ei arvedråpa om Olav den Heilage, berre ei strofe er kjend. «Rodudråpa» tyder «krusifiks-dråpa» (òg omtala som «kors-diktet»).
  • Fragment[4] Fragment av ulike vers.

Referansar

endre
  1. Þórálfs drápa Skólmssonar Arkivert 2015-12-27 ved Wayback Machine. Dråpa om Toralv Skolmsson frå Skaldic Project
  2. flokk om Klœingr Brúsason Arkivert 2015-12-27 ved Wayback Machine. Flokk om Kløng Brusesson frå Skaldic Project
  3. Róðudrápa Arkivert 2015-10-19 ved Wayback Machine. Rodudråpa - ei arve-dråpa om Olav den heilage frå Skaldic Project
  4. Fragment Arkivert 2015-06-07 ved Wayback Machine. frå Skaldic Project

Bakgrunnsstoff

endre