Tore Bongo

Tore Bongo (3. februar 195227. august 2017) var ein samisk lærar i samisk språk, politikar og naturvernforkjempar, fødd i Alta.

Tore Bongo
Tore Bongo (cropped).JPG
Fødd 3. februar 1952
Alta
Død

28. august 2017 (65 år)

Yrke politikar
Tore Bongo på Commons

Tore Bongo var særleg kjend for å ha vore ein av leiarane av Altaaksjonen, òg kalla Stillaaksjonen, som var ein sivil ulydnad-aksjon av landsomfemnande format for å hindre gjennomføringa av dei gjennomgripande planane for vasskraftutbygginga i Alta-Kautokeino-vassdraget, som gjekk ut på å setje av delar av Finnmarksvidda, inkludert bygda Masi, under vatn. Den største samlinga av norske politistyrkar etter andre verdskrigen vart sett inn 14. januar 1981 for å fjerne aksjonistane som hadde lenka seg saman på anleggsområdet i Stilla for å hindre at byggjearbeida kom i gang. Bongo vart deretter ein av dei fire leiarane som vart dømde til straff etter «oppviglarparagrafen», paragraf 140 i straffelova frå 22. mai 1902. Denne straffeføresegna vart då nytta for fyrste gongen sidan Einar Gerhardsen og Martin Tranmæl vart dømde i mellomkrigstida.

Tore Bongo skipa Alta sameforeining på 1970-talet, og var leiar av foreininga i fleire periodar. Han var medlem av Sametinget frå 1993 til 1997, og stod i 2017 på tiandeplass til sametingsvalet i nordre valkrinsen for Norske Samers Riksforbund. Han har medverka som skodespelar i dokumentarfilmen La elva leve! frå 1980 om Altaaksjonen i 1979 og 1980.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra