Tore Hagebakken

norsk politikar

Tore Hagebakken (fødd 8. januar 1961 i Vestre Toten) er ein norsk journalist og politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Oppland fylke ved stortingsvalet 2005. Han har også vore statssekretær i Sosial- og helsedepartementet.

Tore Hagebakken

Fødd8. januar 1961 (63 år)
Vestre Toten kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, redaktør
VervOrdførar i Gjøvik 1992-2000
FøregangarMartin Stikbakke
EtterfylgjarKåre Haugen
VervOrdførar i Gjøvik 2001-2005
FøregangarKåre Haugen
EtterfylgjarKåre Haugen
Alle verv
  • statssekretær (Sosial- og helsedepartementet, 2000–2001)
  • stortingsrepresentant (2017–2021)
  • varamedlem i Europarådets parlamentariske forsamling (2014–2017)
  • ordførar i Gjøvik (1992–2000)
  • ordførar i Gjøvik (2001–2005)
  • vararepresentant til Stortinget (1985–1989)
  • vararepresentant til Stortinget (1989–1993)
  • stortingsrepresentant (2005–2009)
  • stortingsrepresentant (2009–2013)
  • stortingsrepresentant (2013–2017) Sjå dette på Wikidata

Karriere endre

Hagebakken har vore journalist i Oppland Arbeiderblad 1980-1990, og var assisterande redaktør same stad 1990-91. Hagebakken har vore kommunestyremedlem frå 1979, ordførar i Gjøvik kommune frå 1992 til 2005, og var i 2000-2001 statssekretær i Sosial- og helsedepartementet. Han har også sete i sentralstyret i Arbeidarpartiet sidan 1995. Hagebakken var medlem av Rådet for Lillehammer Olympiske Komite (LOOC) frå 1992 til 1994, og har i fleire år vore styremedlem i Oppland Energiverk og Mjøskraft.

Hagebakken var vararepresentant til Stortinget i periodane 1985–1989 og 1989–1993. Han vart vald inn som stortingsmann frå Oppland fylke ved stortingsvalet 2005 og vald på nytt i 2009, 2013 og 2017. I den første stortingsperioden var Hagebakken leiar av Stortingets kommunalkomité og i den neste perioden andre nestleiar i helse- og omsorgskomiteen.

Regjering endre

Stortingskomitear endre

Kjelder endre

  1. «Jens Stoltenbergs første regjering». Regjeringa.no. Henta 16. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff endre