Tore Olsen
- Denne artikkelen handlar om langrennsløparen. For fysikaren, sjå Tore Olsen (f. 1930).
Tore Olsen (fødd 25. august 1970) er ein tidlegare norsk langrennsløpar. I 2000 vart han noregsmeister på 50 km, med klar margin. Bak seg på resultatlista hadde han kjende namn som Frode Andresen (bronse), Kristen Skjeldal og Frode Estil. Olsen tevla for Kirkenes og Omegn SK.
Tore Olsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. august 1970 (54 år) |
Idrett | langrenn |
Karriere
endreI løpet av si tid som skirennar på topplan deltok Olsen i fjorten renn i verdscupen. Beste resultatet var ein 17. plass på femmila i Holmenkollen i mars 2000, der han brukte knappe.fem minuttar meir tid enn vinnaren, Harri Kirvesniemi frå Finland.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- Ski-NM 1996: Nr 8 på 50 km i Stryn
- Ski-NM 1997: Nr 7 på 50 km i Mo i Rana
- Ski-NM 2000: Gullmedalje på 50 km på Vang
- Ski-NM 2001: Nr 14 på 50 km på Steinkjer
- Ski-NM 2002: Nr 6 på 30 km på Høydalsmo
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
endre- Tore Olsen i fis-ski.com