Torger Holtsmark
norsk politikar
Torger Holtsmark (30. oktober 1863–11. april 1926) var ein norsk gardbrukar og politikar. Han var 1910-12 stortingsrepresentant for partiet Høgre. Bernt Holtsmark var bror hans.
Torger Holtsmark | |||
| |||
Fødd | 30. oktober 1863 Asker | ||
---|---|---|---|
Død | 11. april 1926 (62 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Utdanna ved | Noregs miljø- og biovitskaplege universitet | ||
Far | Bern Holtsmark | ||
Alle verv |
|
Holtsmark var fødd på storgarden Tveter i Asker. Han tok eksamen 1886 ved landbrukshøgskulen på Ås. I 1889 tok han over faren sin gard Holtsmark i Sylling. Her var han medlem i heradsstyret frå 1894 til 1907, ordførar frå 1901. Hausten 1909 vart han vald til å representere einmannskrinsen Buskerud på Stortinget. Perioden 1910-12 hadde han sete i Lagtinget og i Vegkomiteen. Holtsmark stilte til attval i 1912, men vart då slått av Anders Jensen Horgen frå Arbeidarpartiet. Han var elles aktiv i Norges Vel.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914