Torholmen

øy i Noreg

62°31′37″N 6°13′54″E / 62.52694°N 6.23167°E / 62.52694; 6.23167

Nordsida av Torholmen der Leif Larsen med mannskap gjekk i land etter flyangrepet og forliset med MK «Bergholm»
Lars Thorholm drog livbåten frå «Bergholm» inn i naustet på sørsida slik at tyskarane ikkje fann han.
Hovedhuset på Torholmen.

Torholmen er ei øy og ein einbølt matrikkelgard i Ålesund kommune ved innløpet til Grytafjorden i Møre og Romsdal. Øya hadde rutebåtsamband til Ålesund og Hamnsund. Garden vart fråflytta på 1950-talet og seinare selt som feriestad. Folka på Torholmen levde av fiske, klippfisktørking og tradisjonell gardsdrift. Dei hadde storfe, sau og gris. Dessutan vart det dyrka frukta, bygg og havre.

Andre verdskrig endre

 
20. april 1945 gjekk Gestapo i land på Torholmen og arresterte Lars Thorholm.
 
KNM Hitra, ein av tre MTB-båtar som blei brukt mellom Shetland og Noreg under siste del av andre verdskrigen.

Under andre verdskrigen vart garden brukt som gjøymestad for Shetlandsgjengen, og dessutan som base for radiooperatøren Erling Rønneberg med Operasjon Haga. Natt til den 23. august 1944 vart Rønneberg sett i land på Erkna fyr, vest for Vigra. Transporten vart utført av ubåtjagaren KNM «Hessa» og skipper Petter Salen. Radiostasjonen Haga vart no etablert fast på Torholmen. Rønneberg sat dagane ved eit lite bord på det vestvendte loftsvindauget, med kikkerten retta mot skipsleia. Oppdraget var å rapportera til dei allierte om den tyske skipstrafikken. Meldingane nådde London, og flyangrep kunne setjast i verk.[1]

I løpet av krigen tok Lars Thorholm i mot og gøymde fleire parti med våpen og ammunisjon. Dette vart gjort i samarbeid med Sverre Roald på Vigra og Oskar Giske på Bjørgeholmen i Ellingsøyfjorden.

Bergholmforliset endre

På nordsida av Torholmen gjekk Leif Larsen og hans mannskap i land etter flyangrepet og forliset med «Bergholm» i mars 1943 på Trøndelagskysten. Dei hadde då rodd i fire døgn og vorte geleida hit etter å først ha vore i land og møtt folk på Søviknes. Dei fekk likevel problem med å koma seg opp den ulendte skråningen på nordsida i mørket. Fleire hadde skotskadar og splintar i kroppen. Lars Thorholm frå Torholmen tilhøyrde same motstandsgruppe som Palmar Bjørnøy, Shetlands Larsens maskinist, og Thorholm tok i mot karane.

I hovedhuset på Torholmen fekk sjøfolka mat og pleia etter den strabasiøse roturen frå Trøndelagskysten. Eit par av kara var hardt skadd og klarte knapt å gå. Leif Larsen hadde òg skotsplintar i låret. Tyskarane hadde fått tips av ein nazivennleg fiskeskipper, som mannskapet møtte utanfor Mørekysten, om at dei mest truleg var i distriktet. Frå loftsvindauga kunne dei sjå både fly og båtar søkja i nærområdet. Lars Thorholm drog den kvite livbåten frå «Bergholm» inn i naustet på sørsida av øya, slik at tyskarane ikkje fann han. Dagen etter slepte han livbåten ut på Grytafjorden, og senka han. Etter krigen vart livbåten heva og gjeven til Sunnmøre Museum, der han i dag står utstilt.

Leif Larsen og mannskapet var sju døgn på holmen, før transport til Synes på Vigra, og sidan til Skorpa, vart ordna. Dette skjedde etter stor innsats av brørne Sverre og Johan Roald, og Asbjørn Røsvik frå Vigra. Ved den tyske kontrollstasjonen i Fosnavåg, som dei måtte passera, gøymde dei kara under nokre fiskegarn bak i dekksbåten. Til dei tyske soldatane sa dei at dei var frå Vigra og selde gulrøtter. Soldatane kjøpte eit par sekker, utan nokre vidare undersøkingar av båten.

Fredag 26. mars vart mannskapet på 7 etterlyst i lokalpressa. Det vart utlova ei belønning på kr. 5000,- for opplysningar som kunne leia til pågriping.

Frå sommarfjøset i Skorpesundet vart karane etterkvart henta av ein MTB og ført til basen i ScallowayShetland. Dette var den første MTB-turen frå Shetland til Norge. Datoen var 12. april 1943.

Lars Thorholm vart arrestert den 20. april 1945. Han vart sloppen fri etter den tyske kapitulasjonen.[2]

Etter krigen endre

Det norsk-britiske drama- og krigsfilmen Shetlandsgjengen frå 1954 vart delvis innspilt på Torholmen. I tillegg til landskapsbilete frå Torholmen sest òg rutebåten «Regent».

Faktum om Torholmen endre

  • 850 meter lang
  • 200 meter brei (på det breiaste)
  • 16 meter høy
  • Elektrisitet i 1924, telefon 1950
  • Fraflyttet 1955

Referansar endre

  1. En spion kom inn fra havet. Stiftelsen norsk Okkupasjonshistorie. 2014
  2. Arnfinn Haga Partisanane til kysten.

Litteratur endre

  • Frithjof Sælen: Shetlands-Larsen, 1947
  • Oslo : Forum, 1995: Vi valde det vi ikkje kjende : norske krigsdeltakarar om dengong og no
  • GRYTTEN / DYBVIK: ØYDA ØYAR OG TAUSE TUN. 1993.
  • Ragnar Ulstein: Småsamfunn i storkrig : historia om Giske 1940-1945