Torild Wardenær (fødd 30. november 1951 i Stavanger)[2] er ein norsk lyrikar og dramatikar.

Torild Wardenær

Torild Wardenær
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. november 1951 (71 år)
Stavanger[1]
Yrke Forfattar
Periode 1994-
Debut I pionertiden
Nettstad torildwardenaer.no
Torild Wardenær på Commons

Ho debuterte i 1994 med diktsamlinga I pionertiden og har sidan skrive sju diktsamlingar til.[3] I tillegg har ho gjendikta poesi av James Tate til norsk og skrive dramatikk.

Wardenær er utdanna allmennlærar og cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap, og ho gjekk årskurset ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1993/94.[4] Ho arbeidde som adjunkt i grunnskulen i Stavanger frå 1982 til 1997.[5] Frå 1997 har ho vore forfattar på heiltid og i tillegg vore gjestelærar ved forfattarutdanningane ved Høgskulen i Telemark (Bø i Telemark) og Universitetet i Tromsø og ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.[5]

Bøker Endra

  • 1994 – I pionertiden – diktsamling
  • 1995 – Null komma to lux – diktsamling
  • 1997 – Houdini til minne – diktsamling
  • 1998 – Døgndrift – diktsamling
  • 2001 – Titanporten
  • 2004 – Paradiseffekten – diktsamling
  • 2007 – Psi – diktsamling
  • 2011 – Mens Higgsbosonet gnager – diktsamling
  • 2013 – Passord: kairos – diktsamling

Gjendikting Endra

  • 2000 – James Tate: Gnomens liksvøp og andre dikt

Dramatikk Endra

Prisar og heider Endra

Referansar Endra

  1. Steinar Sivertsen, Sylvelin Vatle, Finn Øglænd, red. (1999). «Forfattarane». Stemmer frå Rogaland. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 211. ISBN 82-521-5406-9. 
  2. ««Torild Wardenær»». forfatterkatalogen.no. Henta 4. april 2012. 
  3. ««Wardenær, Torid»». Nettstaden til Aschehoug & co. Henta 4. april 2012. 
  4. ««Tidlegare studentar»». Nettstaden til Skrivekunstakademiet i Hordaland. Henta 4. april 2012. 
  5. 5,0 5,1 ««Torild Wardenær Curriculum Vitae»». torildwardenaer.no. Henta 4. april 2012. 
  6. «Doblougska priset» (på svensk). Svenska Akademien. 20. mai 2014. Henta 7. september 2017. 

Bakgrunnsstoff Endra