Torjus Gard

norsk bonde og politikar

Torjus Larsson Gard (5. august 187123. mars 1951) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Skåre i Rogaland.

Torjus Gard

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. august 1871
Død

23. mars 1951 (79 år)

Yrke bonde
Torjus Gard på Commons

Gard gjekk både amtskule og landbruksskule før han i 1894/95 gjennomførte Statens meieriskuleHegra. Elles gjorde han stipendreiser til Sverige og Danmark for å lære meir om landbruk og meiribruk. Åra 1896-1900 styrte han meieri i Selbu og seinare i Bergen. Straks før 1900 tok han over drifta av farsgarden i Skåre og dreiv denne i fleire tiår. I tida 1907-22 var han styreformann i den lokale sparebanken, og 1924-43 styrar av Noregs Bank si avdeling i Haugesund.

Gard var stortingsrepresentant for Venstre periodane 1916-18, 1922-24 og 1928-33. I den fyrste treårsbolken på Stortinget var han han medlem i protokollkomiteen, i den andre nestformann i tollkomiteen, i 1928-30 medlem i løonningskomiteen og 1931-33 sekretær i administrasjonskomiteen. Gard var ordførar i Skåre 1916-19 og 1931-37.

Kjelder endre