Torkel
mannsnamn
(Omdirigert frå Torkil)
Torkel, Torkil og Torkild er mannsnamn som stammar frå det norrøne Þórkell, sett saman av namnet til guden Tor og ketell, 'kjele' i tydinga 'offerkjele' eller 'hjelm'. Terkel og Torkjell er nærskylde former. Namna har vore i bruk sidan mellomalderen.
Torkil har norsk namnedag 12. november. I Noreg er det 606 menn som har Torkel, 318 som har Torkil og 315 som har Torkild som det første førenamnet (SSB 2008). Berre 14 heiter Terkel.
Kjende namneberarar
endre- Torkel Knutsson (d. 1306), svensk stormann
- Torkild Halvorsen Aschehoug (1756-1838), eidsvollsmann
- Torkel Olsson Bjøre (1817-1862), norsk stortingsmann
- Torkel H. Aschehoug (1822-1909), norsk stortingsmann
- Torkild Fosse (1828-1902), norsk stortingsmann
- Torkell Løvland (1889-1976), norsk politikar (V)
- Torkel Persson (1894-1972), svensk langrennsløpar
- Torkel Fogh (1922-1975), dansk zoolog
- Torkel Ravndal (1936-2004), norsk vektløftar
- Torkel Franzén (1950-2006), svensk akademikar
- Torkel S. Myklebust (f. 1952), ordførar i Suldal
- Torkel Petersson (f. 1969), svensk skodespelar
Kjelder
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Torkel hjå Statistisk Sentralbyrå
- «Torkel» i Caplex og «Torkjell» i Store Norske Leksikon