Torkild Halvorsen Aschehoug

Torkild Halvorsen Aschehoug (27. august 175626. oktober 1838) var ein prest og eidsvollsmann frå Ås.

Torkild Halvorsen Aschehoug
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. august 1756
Ås kommune
Død

26. oktober 1838 (82 år)

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Aschehoug var son av ein gardbrukar og lensmann i Ås i Follo. Han vart student 1774 og cand. theol. 1779. Deretter var han i tre år huslærar i Moss, før han i 1783 vart residerande kapellan i Rakkestad. I 1792 vart han sokneprest i same prestegjeldet, eit embete han hadde til han tok avskjed i 1835. 18051824 var han attåt prost i Borgesyssel.

Aschehoug var forlikskommissær i 27 år. Med eigne midlar oppretta han eit bibliotek for folket i Ås.

Aschehoug var med i det overordentlege storting i 1814. Han representerte då dei 14 prestegjelda av Smaalenenes amt som fienden Sverige hadde okkupert. På stortinget 1821 og det overordentlege storting 1822, var han begge år medlem av Lagtinget. Dermed vart han også medlem i riksretten 1821-22. Han var medlem av sju komitear, formann i komiteen om hittegods.

I 1812 vart han utnemnd til riddar av Dannebrogordenen for «sine opofrelser under krigen» 1808-09; ni år seinare vart han òg riddar av Nordstjerneordenen.

Han far til Halvor Torkildsen Aschehoug.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre