Opna hovudmenyen
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)
Ifølge Tåtten om Torleiv Jarleskald skal Torleif ha sagt fram kvadet «Jarlsnid» på ein slik måte at sverd vart levande og drap fleire av mennene til jarlen. Jarlen sjølv skal ha fått varige mein, og håret på den eine sida av hovudet «rotna» og voks aldri ut meir.
Teikning av Christian Krohg (1899).

Torleif Asgeirsson eller Torleif Jarleskald (norrønt Þorleifr Ásgeirsson (òg: Rauðfeldarson) jarlsskáld), levde i tida om lag 940-995 var ein islandsk skald.

Det meste av opplysningane om Torleif Jarleskald finn vi i Tåtten om Torleiv Jarleskald[1] (Þorleifs þáttr jarlsskálds), ei kort islendingesoge som vart nedskriven omkring år 1300. Tåtten er kjend frå Flatøyboka (Flateyjarbók), og han er omsett til norsk som ein del av Den større soga om Olav Tryggvason (Óláfs saga Tryggvasonar en mesta). Tåtten er særs fantasifull og mykje av innhaldet er lite truverdig. Det som er rekna som pålitande, er dette:

Han var fødd på Brekka i Svarfaðardalur på nordsida av Island. I ung alder reiste han til Noreg og var ei tid hos ladejarlen Håkon Sigurdsson Jarl. I Skaldatal[2] er han nemnt som ein av skaldane hos Håkon jarl, og eit lovkvad[3] om jarlen er kjent. Etter ei tid skal han ha kome i usemje med jarlen og reiste då til kong Svein Tjugeskjegg i Danmark. Seinare gjorde han ei ferd attende til Noreg og tok då hemn over Håkon jarl ved å framføre ei nidvise[4] om jarlen. Det var etter denne hendinga at kong Svein Tjugeskjegg skal ha gitt han tilnamnet «jarleskald» eller «jarlsskald».

Seinare reiste Torleif attende til Island og busette seg på garden Höfðabrekka i Myrdalur på sørsida av Island.

ReferansarEndra

  1. Tåtten om Torleiv Jarleskald frå Wikikilden
  2. Skaldatal i Heimskringla.no
  3. Soga om Olav Trygveson kap.50 (frå heimskringla.no)
  4. Nidvise: av norrønt nið som tyder hån eller ærekrenking

BakgrunnsstoffEndra

Kjende dikt av Torleif Jarleskald