Tormato
Tormato Studioalbum av Yes | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. september 1978 | |
Innspelt | Februar til juni 1978 | |
Studio | Advision Studios (Fitzrovia, London) RAK Studios (Regent's Park, London)[1] | |
Sjanger | Progressiv rock[2] | |
Lengd | 41:35 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | Yes | |
Yes-kronologi | ||
---|---|---|
Going for the One (1977) |
Tormato | Drama (1980)
|
Singlar frå Tormato | ||
|
Tormato er det niande studioalbumet til det engelske progressiv rock-banda Yes, utgjeve i september 1978. I motsetnad til forgjengeren Going for the One, fekk ikkje dette albumet nokre god mottaking av korkje kritikarar eller publikum. Albumet selde godt, men ein var misnøgd med den minimalistiske og til tider spinkle produksjonen og miksinga. Trass i dette er det fleire låtar som blir rekna som «klassisk» Yes her, blant andre «On the Silent Wings of Freedom» og «Onward».
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Pitchfork | 3.8/10[4] |
Rolling Stone | (negativ)[2] |
Albumet kom på 10. plass på Billboard 200 i USA, på åttandeplass på UK Albums Chart i Storbritannia[5] og på niandeplass på VG-lista topp 40 i Noreg.[6]
Bakgrunn
endreAlbumet vart skrive og innspelt i ein periode der alle i bandet var usikre på kva musikalsk retning bandet skulle ta. Dette var under den store punk-revolusjonen, og band som var symbol på «dei etablerte», blant andre Yes, Genesis og Led Zeppelin, vart kalla «dinosaurar».
Dette er det andre og siste albumet der Hipgnosis laga coveret. Albumet skulle opphavlege heitte Yes Tor etter ein geologisk formasjon i det sørlege England, men blei endra av Hipgnosis då Rick Wakeman kasta ein tomat på utkastet deira til platecover. Utkastet, med tomat-sølet på, blei det ferdige platecoveret.
Etter dette albumet prøvde Yes å spele inn eit nytt album i 1979, som i etterkant er blitt kalla «Golden Age-innspelingane»/«Paris-innspelingane», men gav til slutt opp. Rick Wakeman og Jon Anderson forlet bandet, medan Chris Squire, Steve Howe og Alan White ville fortsette som trio, men mogelegeins under eit nytt namn.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Future Times/Rejoice» | Jon Anderson/Chris Squire/Steve Howe/Rick Wakeman/Alan White - Rejoice av Anderson | 6:46 |
2. | «Don't Kill the Whale» | Anderson/Squire | 3:56 |
3. | «Madrigal» | Anderson/Wakeman | 2:25 |
4. | «Release, Release» | Anderson/White/Squire | 5:44 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Arriving UFO» | Anderson/Howe/Wakeman | 6:07 |
6. | «Circus of Heaven» | Anderson | 4:31 |
7. | «Onward» | Squire | |
8. | «On the Silent Wings of Freedom» | Anderson/Squire | 4:05 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
9. | «Abilene» | Howe | 7:47 |
10. | «Money» | Squire/Anderson/White/Wakeman | 4:02 |
11. | «Picasso» | Anderson | 3:15 |
12. | «Some Are Born» | Anderson | 2:12 |
13. | «You Can Be Saved» | Squire | 5:42 |
14. | «High» | Howe | 4:20 |
15. | «Days» | Anderson | 4:30 |
16. | «Countryside» | Anderson/Howe/Squire/White | 1:00 |
17. | «Everybody's Song» | Anderson/Howe/Squire/White | 3:11 |
18. | «Onward» (Squire) | 6:48 |
Medverkande
endre- Jon Anderson: vokal, perkusjon
- Chris Squire: bass, piano (på «Don't Kill the Whale»), bass-pedal og vokal
- Steve Howe: elektrisk og akustisk gitar, mandolin, vokal
- Rick Wakeman: piano, Hammondorgel, Polymoog og Minimoog, synthesizere, Birotron
- Alan White: trommer, perkusjon, vokal
Ny-utgjevingar
endre- 1991 – Atlantic – CD
- 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
- 2001 – Japansk Limited Edition
- 2004 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)
Kjelder
endre- ↑ Tormato. Atlantic Records. 1978. K 50518.
- ↑ 2,0 2,1 Emerson, Ken (28 Desember 1978). «Yes: Tormato». Music Reviews. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20. februar 2009. Henta 21. februar 2020.
- ↑ Allmusic review
- ↑ Pitchfork review
- ↑ UK Albums Chart: Yes – Tormato
- ↑ VG-lista: Yes
- Denne artikkelen bygger på «Tormato» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Tormato, CD notater på innercover av Tim Jones, 2004
- Allmusic.com Arkivert 2010-02-11 ved Wayback Machine.
- Top Pop Albums 1955-2001, Joel Whitburn, 2002
- Yes-diskografisiden Yescography