Tormod Morset (fødd 27. juni 1920 i Selbu, daud 7. oktober 1997) var ein norsk motstandsmann under andre verdskrigen. Tormod Morset var son av Peder og Marit Morset. Han er kjend for motstandsarbeidet sitt under andre verdskrigen i Selbu og trøndelagsområdet.

Tormod Morset
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. juni 1920
Selbu kommune
Død

7. oktober 1997 (77 år)
Selbu kommune

Far Peder Morset

Tormod Morset var bror av Ola Morset, Reidar Morset, Oddmund Morset, Einar Morset, Helge Morset og Trond Morset.

Kurer og agent under 2. verdskrigen endre

Frå sommaren 1942 tok Tormod Morset på seg ei rekke farlege oppdrag, mellom anna som kurér med post og radiosendarar mellom svenskegrensa og Selbu og Trondheim.

1. mars 1943 slo Gestapo og Rinnanbanden til mot heimgarden til Morset-familien, Kleset i Selbu, og alle i familien måtte flykte. Henry Rinnan var først og fremst ute etter å arrestere nettopp Tormod, som dei hadde funne ut dreiv med illegal verksemd.

Tormod Morset kom seg til Sverige over fjellet, men heldt fram med motstandsarbeidet. Han lærte opp nye kurerar og etterretningsfolk, og bygde også opp etterretnings- og postruter mellom Trondheim og Stockholm over Selbu og Tydal. Han deltok òg i forarbeidet til sabotasjeaksjoner mot Thamshavnbanen og bygde opp motstandsnettverk i området. 6. juni 1944 vart han send (frå Sverige) til Skottland, og han gjennomførte kurs/utveljingsprosess på Isle of Man, før han fekk beskjed 27. juni 1944 om at han hadde blitt tatt ut til teneste i Secret Intelligence Service.[1]

I oktober 1944 hoppa han i fallskjerm over Gauldalsfjella saman med Karl Johan Breida frå Trondheim. Dei to agentane etablerte ein etterretningssentral like ved Kleset i Selbu, der det var nazistar som heldt til. Etter kvart flytta dei operasjonssentralen til Kalvsjøbua, som ligg i Bringenfjellet. Herifrå sende dei rapportar til England om trafikken på hamna i Trondheim, alle transportar av militær art over Trondheim jernbanestasjon og disposisjonane til tyskarane ved ubåtbasen på Persaunet.[2]

Tormod Morset var fenrik i dei norske styrkane etter krigen, men valde å ikkje satse på nokon militær karriere. I juli 1945 vart han dimittert og reiste tilbake til Selbu.[3] Han vitna i rettssaka mot Henry Rinnan i Frostating lagmannsrett, ein omfattande rettssak som pågjekk i fem månadar i 1946.[4]

Kjelder endre

  1. Hansson, Per (1979, ©1963), --og tok de enn vårt liv : sagaen om Morset-familien (1. oppl utg.), Den norske Bokklubben, ISBN 8252505740, OCLC 7884206 
  2. Per, Hansson (1995), Og tok de enn vårt liv. (5. utg utg.), Gyldendal, ISBN 8205230277, OCLC 925568072 
  3. Melien, Hans (1979), De kjempet for vår frihet, Cappelens forl., ISBN 8202043905, henta 19. februar 2018 
  4. John Lyng (1948). Forræderiets epoke. Oslo: P. F. Steensballes Boghandels Eftg. Bj. Reenskaug.