Tormod Riste

Tormod Riste (14. mai 192512. november 1995) var ein norsk fysikar. Han er bror av Olav og P. Riste.

Tormod Riste
Fødd14. mai 1925
Volda
Død12. november 1995
Skedsmo
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo

Han tok graden cand.real. i 1953. Frå 1953 til 1965 var han forskar, og frå 1966 til 1991 forskingssjef ved Institutt for energiteknikkKjeller. Han var professor i fysikk ved Universitetet i Oslo frå 1980 til 1991. Riste arbeidde med eksperimentell faststoff-fysikk og statistisk fysikk, mellom anna om kritiske fluktuasjonar og eksitasjonar i magnetiske stoff, strukturelle faseovergangar, ordensfluktuasjonar i flytande krystall og analysar av nøytronspreiing. Han var leiar av Norsk Fysisk Selskap i perioden 1969-1979.

KjelderEndra

  • Grøn, Øyvind (20. desember 2011). «Tormod Riste». Store norske leksikon. Henta 2. november 2013.