Tórshavn

(Omdirigert frå Torshavn)

Tórshavn er hovudstaden på Færøyane og den største byen. Byen ligg sør på øya Streymoy. Tettstaden voks fram kring tingstaden på halvøya Tinganes. I meir enn 1 000 år har Tórshavn vore det naturlege møtepunktet for folkesetnaden og tilreisande. Likevel fanst det ikkje vitnemål om ei fast busetjing her før etter reformasjonen. Tinganes er framleis sete for det færøyske Lagtinget. I dag har byen om lag 20 000 innbyggjarar.[1]

Tórshavn
Thorshavn (dansk)
by
Tórshavn med halvøya Tinganes
Våpenskjold
Land  Færøyane
Distrikt Streymoy
Kommune Tórshavn
Høgd 24 moh.
Areal 117 km²
Folketal 13 326
Folketettleik 113,9 innb. / km²
Kart
Tórshavn
62°00′00″N 6°47′00″W / 62°N 6.7833333333333°W / 62; -6.7833333333333
Wikimedia Commons: Tórshavn

I gamlebyen finst mange hus frå 1500-talet og 1600-talet.

Namn endre

Namnet er sett saman av Tor, som er ein norrøn gud, i tillegg til hamn. Tórshavn vert også berre kalla for Havnin (Hamna) av den lokale folkesetnaden.

Soge endre

Vikingtida (850–1050) endre

Ifylgje Færøyinganes saga byrja bønder å busetja seg i område kring Tórshavn i ca.850-930. Det var ved halvøya Tinganes tettstaden voks fram. Eit tinghus vart seinare bygd i Tinganes der færøyingane kunne avgjera tvistar mellom seg og ratifisera lover. Det var her det vart vedteke at alle færøyingane skulle kristnast. Som konsekvens av tinghusets plassering voks det fram ein marknad i nærleiken, og Tórshavn vart ein fast handelsstad og sentrum for færøyingane.[2]

Mellomalderen (1050-1600) endre

Færøyane var eit norsk skattland fram til 1523 då det vart teke over av danskane. Det voks fram nye verksemder ved hamna, kvar folk lærte seg å salta sild og at turka klippfisk.

1800-årene til i dag endre

Då den nye danske grunnlova vart laga i 1849 vart nye amter og kommunar laga i det danske riket, og den 16. februar 1866 kom lova om Thorshavns kommunale Forfatning. Den gjorde at Tórshavn vart ein særskild kommune, som omfatta sjølve byen og områda utanfor, Húsagarður og Álaker. Til å driva kommunen vart det valt fem borgarar til innbyggjarrådet.

Det kongelege handelsmonopolet sto lenge i vegen for Tórshavns utvikling. Då handelsmonopolet vart avskaffa i 1856, utvikla det seg raskt ein eksportorientert kommersiell fiskeindustri på Færøyane. Opprettinga av frihandel var vesentleg for færøyinganes veksande markedsøkonomi og populasjonsvekst.[3]

 
Tórshavn hamn

Hamna vart gjort til ein kjøpstad den 1. januar 1909.

 
Gongin
 
Minnestøtte for dei 132 færøyske fiskarane som døydde under andre verdskrig.

Venskapsbyar endre

Kjelder endre

  1. «Fólkatalið í Sandoynni veksur aftur», Kringvarp Føroya (på færøysk), henta 5. juli 2022 
  2. «Færøingernes saga – heimskringla.no», www.heimskringla.no, henta 5. juli 2022 
  3. «History of the Faroe Islands», faroeislands.fo (på engelsk), henta 5. juli 2022 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tórshavn