Toskgansbåt
Ein toskgansbåt (avleidd av torskegarn og båt) er ein open, spissgatta ro- og seglbåt av geitbåttypen. Båten, som har seks par årar[1][2], vart tradisjonelt bruka til garnfiske etter torsk på fiskebankane utanfor Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.