Mygg
Mange stankelbeinartar er store og har myggliknande utsjånad. Det bakarste vengeparet er omdanna til to svingkøller som fungerer som balanseorgan under flyginga.
Mange stankelbeinartar er store og har myggliknande utsjånad. Det bakarste vengeparet er omdanna til to svingkøller som fungerer som balanseorgan under flyginga.
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Orden: Tovenger Diptera
Underorden: Mygg Nematocera
Duméril, 1805

Myggar (Nematocera) er ei gruppe av tovengene (Diptera), der den andre gruppa er fluger. Myggar skil seg frå flugene ved at dei har meir enn fire ledd i følehorna. Insekta er mellom 1,8 og cirka 50 millimeter lange.

Fjørmyggar har veldig store antenner, slik som hos Chironomus plumosus
Foto: Jeffdelonge © Entomart
Mange arter er svært like kvarandre og einaste sikre måte å artsbestemme på kan vere artsspesifikke detaljar i kjønnsorgana. Dette er ein hann av et storstankelbein.
Foto: ArtMechanic

Det er skildra over 33 000 nolevande artar i verda; over 2 000 artar av dei finst i Noreg i 29 familiegrupper. I tillegg er det skildra svært mange utdøydde grupper og artar ut frå funn i rav eller som fossil.

Det er berre nokre få artar som stikk eller bit. Dei fleste artar er harmlause. I daglegtale er «myggar» det same som stikkemyggar, men denne gruppa utgjer berre ein liten del av alle myggar.

Utsjånad endre

Myggar kan skiljast frå flugene ved å sjå på antennene (følehorna), som skal ha meir enn 4 ledd og vere av typen trådforma, det vil seie at ledda er meir eller mindre like store og sit etter kvarandre «som perler på ei snor». Dette kan vere vanskeleg å sjå, og kan krevje forstørring. Nokre myggar har svært små antenneledd. Myggar har fasettauge og mange artar har òg tre punktauge (ocelli).

Bakkroppen er vanlegvis lang og tynn. Mange hannar har komplekse ytre kjønnsorgan med forskjellige gripeorgan, piggar og liknande. Desse er nyttige for å bestemme artane. Hoer har normalt eit velutvikla, hardt (sklerotisert) eggleggingsrøyr.

Myggar er ein underorden av tovengene og har, som namnet seier, berre eitt par venger, eller to-venger. Insekt har som regel fire venger, men hjå tovengane er det bakarste vengeparet erstatta av (omdanna til) to svingkøller eller kølleforma organ. Desse fungere som balanseorgan under flyginga.

Myggar har ofte noko meir spisse og lengre venger, lengre bein og ein litt slankare bakkropp enn flugene. Myggar er vanlegvis små, men einskilde artar kan vere store, som stankelbein. Deuterophlebiidane har eit særprega utsjånad og kan ved første augnekast minne om døgnfluger. Den ytre utsjånaden til nokre myggar kan vere svært lik ei fluge, som hjå hårmyggar, gjødselmyggar og knottar.

Larvar som lever i vatn, har anten trådforma traké-gjeller nær bakenden, eller dei andar via eit slags røyr på bakkroppen. Dette blir stukke opp gjennom overflatehinna på vatnet, til atmosfærisk luft. Hovudet er utvikla og har bitande munndelar.

Larvane er vengelause og normalt utan bein. Dei utviklar seg gjennom fleire larvestadium, denne utviklinga kan ta så lite som éi veke og så mykje som fleire år, avhengig av tilhøva.

Levevis endre

Myggar finst mange stader, men mange av artane har tilknyting til eit fuktig miljø, ved vatn, elvar, våtmark eller i skuggefull skog.

Myggar har larvestadiet i daud ved, mudder, jord eller rotnande planterestar. Somme lever i fruktlekamen til soppar. Normalt finst myggar med larvestadium i vatn, berre i ferskvatn. Men somme artar i gruppa fjørmyggar finst ned til 30 meter i havet og opp til over 5 000 meters høgde i fjellområde.

Larvane til nettvengemyggar er sterkt spesialiserte for å leve i fossefall, stryk og rasktrennande fjellbekkar. Dei bruker sugeskålene på undersida til å halde seg fast til stein eller anna botnmateriale. Dei treng glatte flater for å feste seg, og lever av å skrape algar, bakteriar og anna organisk materiale frå steinane. Puppa er festa til stein eller liknande. Når dei vaksne insekta blir klekte, er vengene alt fullt utvikla, og dei kan fly så snart dei kjem til overflata.

Myggar høyrer til gruppa av insekt med fullstendig forvandling (holometabole insekt), som gjennomgår ein metamorfose i løpet av utviklinga. Mellom larvestadiet og det vaksne stadiet er ein puppestadie, ein kvileperiode, der myggen sine indre og ytre organ blir endra. Larven vert omdanna til til ei puppe. Når puppehuda er hard, byrjar omdanninga frå larve til den vaksne myggen. Dei indre organ blir brotne i varierande grad ned til ein cellemasse. Ei omorganisering skjer og dyret blir bygd opp igjen. Puppeperioden varierer etter temperaturen.

Mange myggar finst i dei meir kjølige områda på jorda. Overvintring skjer som egg, unge larvar eller nesten ferdig utvikla larvar. Eggstadiet toler betre kulde enn det vaksne stadiet. Mange overvintrar i plantestrøet på bakken. Somme kan klare seg i bekker og dammar som botnfrys om vinteren. Vintermyggar skil seg ut ved at dei er ei av dei få insektgruppene som hovudsakleg er aktive som vaksne i vinterhalvåret. Ein kan treffast dei mellom oktober og april, og dei er i aktivitet straks temperaturen kjem over frysepunktet.

Andre stader på jorda må myggar overleve tørkeperiodar om sommaren. Myggar på slike stader overlever tørkeperioden normalt som egg.

Skadedyr endre

Nokre myggar opptrer som skadedyr i jordbruket. Særleg enkelte larvar til stankelbeinartane, som lever i jorda, kan gjere ein del skade. Dei et på planterøter og kan òg gnage av unge planter i rothalsen.

Myrstankelbeinet (Tipula paludosa) er den arten som særleg skaper problem nordvest i Europa. Område med fuktig, moldrik jord, som drenerte myrar er spesielt utsette. Larvane gjer størst skade når dei er nesten utvaksne, om våren og forsommaren. Grovt sett kan ein rekne med at skadar er sannsynlege dersom tettleiken av myrstankelbeinlarver overstig 100 larvar per kvadratmeter.

Myggar som stikk eller bit endre

 
Stikkemygg som syg blod frå menneske.

Berre nokre få artar stikk eller bit, men desse kan vere til stor plage for menneske og dyr. Dei blodsugande artane finn truleg offeret sitt ved å gå etter karbondioksid i utåndingslufta.

Stikkemyggane har ein låg summande lyd når dei kjem flygande. Homyggen stikk for å suge blod, som ho treng for å få protein til å utvikle mange egg. Ein homygg som har fått i seg eit godt måltid blod, produserer omtrent ti gonger så mange egg som ein mygg som ikkje har fått eit blodmåltid. Eit myggstikk gjev ei typisk opphovning som klør. Det er hoa som stikk, hannane er fredelege og besøkjer blomster, for å ete nektar og pollen.

Knottar og sviknottar tek gjerne også til eg blod. Desse artane stikk ikkje, men har kjevar og bit hol på huda. Dei kan opptre i store svermar, dei er gjerne plagsame særleg etter regnvêr, like etter solnedgang og liknande.

Sjukdomsberarar endre

I varme land, særleg i tropane, kan myggar overføre sjukdommar. Dei norske artane er derimot ganske harmlause.

Malariamyggar er ei slekt blant stikkemyggane og slekta har fått namnet sitt fordi 30-40 av artane kan spreie sjukdommen malaria. Egg-, larve- og puppestadia skjer i vatn og varer 5-14 dagar avhengig av art og temperatur. Det er dei vaksne kjønnsmodne (imago) homyggane som er sjukdomsspreiarar.

Somme tropiske artar i gruppa knottar (Simuliidae) kan spreie parasittar eller alvorlege sjukdommar. I Afrika finst elvesynssvikt eller oncocerciasis, forårsaka av rundormen Oncocerca volvulus.

Sommarfuglmyggar er normalt ufarlege, men det finst nokre blodsugande artar i varmare strok av verda, i underfamilien Phlebotominae, som kan bere med seg sjukdomssmitte.

Systematisk inndeling endre

Myggar er ei dårleg undersøkt dyregruppe. Slektskapstilhøva mellom delgruppene til tovengene er avklåra i ulik grad. Fleire av delgruppene til myggane er dårleg undersøkte. Samtidig aukar artstalet jamt.

Eit eksempel på kor liten kunnskapen om myggar er, kan vere resultatet av eit par år med innsamling av mygg i delgruppene Bolitophilidae, Diadocidiidae, Ditomyiidae, Keroplatidae og soppmyggar (Mycetophilidae), på nokre stader i Møre og Romsdal. Resultatet blei 57 nye artar for Noreg og ti nye (uskrivne) artar for vitskapen. Til saman utgjorde innsamlinga funn av 357 ulike artar, som var meir enn halvparten av dei til då kjende norske artane. [1] Truleg er artstalet i Møre og Romsdal ein god del høgare, fordi dette var ei passiv innsamling med vindaugsfelle og malaisetelt. Det vil seie at dei fanga berre dei artane som passerte dei få kvadratmetrane der fellene var plasserte.

Talet myggar i verda er litt over 33 000 skildra artar, men ein reknar med at det finst langt fleire. Til dømes er tropisk regnskog svært dårleg undersøkt for artar. For tovenger, som òg inkluderer fluene, er det meir enn 160 000 beskrivne artar.[1] Forskarar trur at berre tovengene åleine kan ha meir enn éin million nolevande artar.[2]

 
Sommarfuglmyggar er små og har hår på vengene
Foto: Alvesgaspar
 
Nokre myggar, som denne soppmyggen liknar fluger, men dei lange trådforma antennene røper dei. Dette er Tetragoneura sylvatica.
Foto: James K. Lindsey
 
Larvene til stikkemyggar lever i vatn og for å ande må dei opp til vassoverflata. Dei andar gjennom eit «røyr» på bakkroppen.
Foto: James Gathany
 
Stikkemyggar har puppestadiet i vatn.
Foto: Steffen Dietzel

Nyare inndeling endre

I nyare systematikk er alle tovenger i gruppa myggar (Nematocera) ikkje rekna som ei naturleg gruppe, men kunstig. Tovenngjer er oppdelte i ti delgrupper, der flugene utgjer éi av gruppene, mens myggar fordeler seg over dei ni resterande gruppene, slik det er gjort i The Tree of Life, nettstaden som freistar å vise slektskapen mellom verda sine organismar, som eit stamtre. Den eigentlege skilnaden er at myggar ikkje lenger er ei gruppe, men ni grupper. Dei er samla sett framleis systergruppe til flugene (Brachycera) og på same nivå i hierarkiet.

Dette oversynet er ikkje skrive i hierarkisk skrivemåte.

Tradisjonell inndeling endre

Det er ulike måtar å dele myggar inn i undergrupper på, døme er Fauna Europaea Web Service [3] og The Diptera Site, [4] der dei forskjellige delgruppene er ulikt plassert.

The Diptera Site endre

Denne oversikta følgjer Thompson, F.C. 2006. (The Diptera Site) [5]

Fauna Europaea endre

Systematikken følgjer Fauna Europaea Web Service [6], dei delgruppeme som ikkje er representert i Europa er sette inn. Talet på artar for dei familiane som er representert i Noreg, er henta frå Ottesen, 1993.[7]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Bokmålswikipedia oppgjev Thompson, F. Christian. 2005. Om tovenger - The Diptera Site Information about the World's flies. Arkivert 2008-01-27 ved Wayback Machine. (besøksdato: 14. januar 2008)
  2. Bokmålswikipedia oppgjev Thompson, F. Christian. 2005. Tovenger - The Diptera Site Information about the World's flies. Arkivert 2007-12-24 ved Wayback Machine. (besøksdato: 15. januar 2008)
  3. Fauna Europaea Web Service 2004. Nematocera. - Utbredelsesdatabase for europeiske dyr. Fauna Europaea version 1.1 - (besøksdato 14. januar 2008)
  4. Thompson, F. Christian. 2005. Tovenger (familieliste) - The Diptera Site Information about the World's flies - (besøksdato 14. januar 2008)
  5. Thompson, F. Christian. (editor). 2006. Biosystematic Database of World Diptera. Version 8.5 Arkivert 2010-10-10 ved Wayback Machine. - Tovenger (familieliste) - The Diptera Site Information about the World's flies - (besøksdato 14. januar 2008)
  6. Fauna Europaea Web Service (2004) Fauna Europaea version 1.1, - utbredelsesdatabase for europeiske dyr. - (besøksdato 14. januar 2008)
  7. Ottesen, P.S. (red.) 1993 Norske Insektfamilier og deres artsantall. NINA utredning 055, 40 sider.

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre

Nettstader endre