Skorpionfluger

(Omdirigert frå Skorpionfluge)
Skorpionfluger
Bittacidae fg1.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Overrekkje: Ecdysozoa
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Orden: Skorpionfluger Mecoptera
Hyatt & Arms, 1891

Skorpionfluger (Mecoptera) er ei gruppe insekt med rundt 550 beskrivne artar på verdsbasis. Gruppa er tenkt som viktig i insekta si evolusjonshistorie; mellom anna tenkjer ein seg at tovenger, sommarfuglar og vårfluger stammar frå forfedrar innanfor eller i nær slekt med gruppa. Fem av artane er funne i Noreg.

KjenneteiknEndra

 
Vanleg skorpionfluge Panorpa communis

Det fremste kjenneteiknet til skorpionflugene er munndelane, som er omdanna til ein uledda snabel som peikar ned frå hovudet. Dei har òg eit sett reduserte bitande munndelar. Antennene er særs lange, ofte rundt halve kroppslengda, og består av mange ledd.

Desse insekta har to par med venger som vert heldt horisontalt frå sidene av kroppen i kvilestilling. Dei er smale og membranøse (gjennomsiktige), og ser ganske like ut. Dei to siste brystsegmenta og det første bakkroppssegmentet er samanvaksne. Beina er lange. Ein skil kjønna frå kvarandre på at hoene har to parvise haletrådar og hannane har komplekse og tydelege kjønnsdelar som sit lengst bak på bakkroppen og kan likna ein skorpionhale.

Larvane til somme skorpionfluger skil seg ut frå andre holometabole insektlarvar gjennom å ha fasettaugo.

LevesettEndra

Skorpionflugene finst helst på fuktige stadar, særleg i skogar. Dei flyg om natta, og er vanlegast i Holarktis, det vil seie Nord-Amerika og Eurasia. Nokre av artane lever av nektar, medan andre er rovdyr eller åtseletarar.

KjelderEndra